Hopp til innhold

Boko Haram massakrerte 24 i nigeriansk landsby

Menn frå Boko Haram med maskingevær meia ned 24 menneske, dei fleste av dei kvinner, under ei gravferd i ein landsby i det nordaustlege Nigeria.

gulak

Angrepet skjedde i landsbyen Kuda ikkje langt frå byen Gulak i delstaten Adamawa. Det var ein populær lokal politikar som vart ført til den siste kvila. Polititalsmann Othman Abubakar seier dette om det som skjedde:

– Dei kom på motorsyklar og opna eld mot menneskemengda. Dei fleste offera var kvinner. Etter skytinga plyndra drapsmennene butikkar og private heimar, før dei stakk av nesten ein time etter skytinga.

Sambisa-skogen

Byen Gulak og området rundt var inntil nyleg under kontroll av Boko Haram, men regjeringsstyrkane tok tilbake byen tidlegare i år. Trass i dette er det mange krigarar frå den islamistiske terrororganisasjonen som framleis oppheld seg i dette området, dei fleste i kjerneområdet i Sambisa-skogen.

Landsbyen Kuda ligg like ved denne skogen, og Boko Haram har gjennomført fleire angrep her, sist i februar i år

Det væpna opprøret til Boko Haram i det nordaustlege Nigeria har teke livet av over 40.000 menneske. Over to millionar menneske er drivne på flukt, og konflikten har spreidd seg til naboland som Tsjad, Kamerun og Niger.

800 Boko Haram-gisler frigjort

Bortført av Boko Haram – fikk barn med terroristene

Regelmessige angrep

Desse landa har saman med Nigeria danna ein militær styrke for å jage Boko Haram ut av områda dei har okkupert, og organisasjonen har no kontroll over eit langt mindre område enn dei hadde tidlegare.

Boko Haram gjennomfører likevel regelmessige angrep mot område dei tidlegare kontrollerte, ofte for å plyndre butikkar og matvarelager. I desse angrepa blir ofte mange innbyggjarar massakrerte, slik det skjedde i Kuda torsdag kveld.

Terrororganisasjonen nyttar også sjølvmordsmordarar. og ofte har dei trua jenter dei har bortført til å gjennomføre sjølvmordsaksjonar.

Så ny gisselvideo: – Jeg har fått nytt håp

Boko Haram-video viser bortførte nigerianske jenter

Boko Haram-bortført jente funnet etter to år

SISTE NYTT

Siste nytt