NRK Meny
Normal

Boko Haram drøymer om mellomaldersk kalifat

Terrororganisasjonen Boko Haram drøymer om eit islamsk kalifat som skal attskape dei gylne tidene for det nordlege Nigeria i Mellomalderen, då handel med slavar, elfenbein og gull skapte velstand i det no så fattige området.

Kidnappede skolejenter i Nigeria

Over 100 jenter vart bortførte av Boko Haram frå ein kristen skule i fjor. Berre nokre få av dei har greidd å kome seg unna.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Desse draumane er langt frå det verkelege livet til dei som lever under Boko Harams åk i det nordlege Nigeria eller i nabolanda Kamerun, Niger og Tsjad . For dei er kvardagen drap, bortføringar, svolt og økonomisk kollaps.

I fem år har Boko Haram terrorisert innbyggjarane i det nordlege Nigeria, spesielt dei kristne. Organisasjonen har gjort det klart at valet deira er å forlate området, eller bli drepne.

80 personer bortført etter Boko Haram-angrep

10.000 drepne i fjor

Abubakar Shekau

Abubakar Shekau er den brutale leiaren for Boko Haram.

Foto: AFP

Organisasjonen Council of Foreign Relations har slått fast at minst 10.000 menneske vart drepne berre i fjor. Dette gjer konflikten i det nordlege Nigeria til ein av dei blodigaste i verda i dag. Fleire hundre, dei fleste kvinner og born, er bortførte av Boko Haram. Det kjem ut mange historier om at dei blir haldne som slavar, jenter blir ofte tvungne inn i ekteskap med Boko Haram-krigarar.

Observatørar meiner at Boko Haram gjerne vil samanliknast med Den islamske staten (IS) i Irak og Syria. I brutalitet og blodtørst er det ikkje mykje som skil dei to islamistiske grupperingane. Også Boko Haram har avretta fangar for ope kamera, slik IS har for vane å gjere.

Når det kjem til å administrere områda dei har teke kontroll over, så kjem Boko Haram til kort. IS har greidd å samle på beina ein slags sivil administrasjon i områda dei kontrollerer, men det er heilt fråverande i byane Boko Haram har okkupert.

Demonstrasjon mot Boko Haram i N'Djamena.

Sist veke var det ein stor demonstrasjon mot Boko Haram i den største byen i Tsjad, N'Djamena.

Foto: STRINGER / Afp

Difor kan Boko Haram herje i Nigeria

Slaveri og drap

Innbyggjarane i byar og landsbyar Boko Haram har teke kontrollen over, må leve med slaveri, drap, matmangel og fullstendig mangel på normal økonomisk aktivitet.

Phineas Elisha er regjeringstalsmann i delstaten Adamawa, ein av tre delstatar i det nordlege Nigeria som har innført unntakstilstand på grunn av Boko Haram. Han fortel til om det som møtte dei då regjeringsstyrkane hadde teke kontroll over byen Mubi etter å ha jaga Boko Haram ut.

– Dei ynskjer å gjere som IS, men dei hadde ikkje gjort noko forsøk på å innføre eit styre i Mubi. Det var berre kaos og enorme øydeleggingar, seier Elisha til Reuters.

Maryam Peter frå landsbyen Pambla fortel at Boko Haram aldri gav dei mat, bortsett frå litt rå ris som dei stal frå forretningar i byen. Det einaste dei var interesserte i var å true innbyggjarane til å adoptere deira tolking av koranen.

– Har gitt opp å telle Boko Haram-offer

Tre unge jenter blei Boko Harams «dødsenglar»

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt