Hopp til innhold

Boka om Trump: Fem avsnitt som vekkjer oppsikt

Donald Trump hevdar boka er full av løgn. Han og advokatane i Det kvite hus har prøvd å stanse boka. Men i dag kom ho ut.

Michael Wolff

Michael Wolff si bok «Fire and Fury: Inside the Trump White House» kjem ut fire dagar tidlegare enn planlagt.

Foto: Carolyn Kaster / AP

Boka «Fire and Fury: Inside the Trump White House» er skriven av den amerikanske forfattaren og kommentatoren Michael Wolff. Ifølgje Wolff byggjer boka på meir enn 200 intervju, blant andre med Donald Trump sin tidlegare kampanjesjef og sjefstrateg Steve Bannon.

New York Magazine har publisert eit langt utdrag frå boka, som kom i sal i dag, fire dagar tidlegare enn planlagt.

Her er fem avsnitt som allereie har fått mykje omtale.

1. Bannon skuldar Donald Trump sin son for forræderi

I juni 2016 var det eit møte mellom folk frå Trump sin valkamporganisasjon og den russiske advokaten Natalja Veselnitskaja i Trump-tårnet i New York.

Blant andre deltok den dåverande presidentkandidaten sin son Donald Trump jr., Trump sin svigerson Jared Kushner og sjefen for Trump sin valkamporganisasjon Paul Manafort.

I boka skriv Michael Wolff at Bannon sa følgjande om dette møtet:

«Dei tre representantane frå valkamporganisasjonen meinte det var ein god ide å møte folk frå utanlandske styresmakter i eit konferanserom i Trump Tower – utan advokatar. Dei hadde ingen advokatar. Sjølv om du skulle meine at dette ikkje var forræderi, eller noko upatriotisk, noko eg meiner det er, burde du ha ringt FBI sporenstreks.»

2. Trump «forvirra» etter sigeren

Michael Wolff skriv om overrasking og sjokk i Trump-leiren då valsigeren var eit faktum.

«Kort tid etter klokka 20.00 på valkvelden, då den overraskande trenden var stadfesta – at det gjekk mot valsiger for Trump – sa Donald Trump jr. til ein venn at far hans, eller DJT, som han kallar han, såg ut som om han hadde sett eit spøkelse. Melania var i tårer – og det var ikkje av glede. I løpet av vel ein time, slik Steve Bannon observerte det, endra Trump karakter frå ein fortumla Trump til ein vantru Trump til ein sjokkert Trump. Men først seinare kom den endelege forvandlinga: Plutseleg blei Trump ein mann som trudde at han fortente, og fullt og heilt var kapabel til, å bli president i USA.»

3. Trump var «sint» under innsetjinga

Donald Trump blei innsett som president 20. januar 2017. Men ikkje alt var like festleg. Michael Wolff skriv:

«Trump mislikte innsetjinga. Han var sint fordi dei store stjernene hadde takka nei til å delta på seremonien, han var misnøgd med innkvarteringa på Blair House, og tydelegvis ikkje på godfot med kona, som var i ferd med å ta til tårene. Heile dagen hadde han eit uttrykk som nokre rundt han kalla «golf-andletet»: Sint og indignert, skuldrene og augebryna heva, og munnen snurpa saman.»

4. Trump opplevde Det kvite hus som «skummelt»

Michael Wolff skriv dette om Donald Trump sitt møte med livet i Det kvite hus:

«Trump opplevde faktisk Det kvite hus som irriterande og til og med litt «skummelt». Han trekte seg tilbake til sitt eige soverom. For første gong sidan Kennedy, opererte presidentparet med kvar sitt soverom. Dei første dagane bad han om to TV-apparat i tillegg til det eine som allereie var der. Han bad også om lås på døra, noko Secret Service sette seg imot. Dei insisterte på å ha tilgang til rommet.»

5. Det kvite hus utan prioriteringar

Då visestabssjef Katie Walsh spurde Trump sin svigerson og rådgjevar, Jared Kushner, kva den nye administrasjonen ønskte å få til, hadde ikkje Kushner noko svar, ifølgje boka.

«– Gje meg berre tre ting som presidenten ønskje å fokusere på, sa Katie Walsh. – Kva slags prioriteringar har Det kvite hus? Det var det mest grunnleggjande spørsmålet ein kunne tenkje seg – eit spørsmål som ein kvar kvalifisert president ville kunne svare på lenge før han flytta inn på 1600 Pennsylvania Avenue. Seks veker inn i Trumps presidentperiode var Kushner utan svar. – Ja, sa Kushner til Walsh. – Vi bør nok ha ein samtale om det.»

US-POLITICS-TRUMP
Foto: HANDOUT / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt