Jobbane er sikre - men får dårlegare pensjon

Maskinarbeidarane si fagforeining ved Boeing-fabrikken i Seattle har med knapt fleirtal godkjent ein ny avtale som sikrar fleire tusen arbeidsplassar.

Jobbane sikra ved Boeing-fabrikken i Seattle.

Både glede og tårer etter at jobbane er sikra ved Boeing 777-fabrikken i Seattle.

Foto: DAVID RYDER / Reuters
Bent Tanstad
Journalist

51 prosent av dei 30.000 fagforeiningsmedlemene røysta for avtalen, medan 49 prosent røysta i mot. Avtalen med Boeing-leiinga inneber at selskapet vil byggje sitt nye Boeing 777X passasjerfly i Seattle-området, der Boeing har bygd fly i over 90 år.

Motstand mot Boeing-avtale i Seattle.

Nesten halvparten av dei fagorganiserte røysta nei til avtalen.

Foto: DAVID RYDER / Reuters

Hadde det blitt eit nei, hadde Boeing truleg flytta produksjonen ein annan stad. Selskapet opplyser at dei har fått tilbod frå 22 delstatar om å byggje eit nytt produksjonsanlegg for Boeing 777X der.

– Våpen mot hovudet

– Dei heldt eit våpen mot hovudet vårt, og folk vart redde, sa Lester Mullen, ein av dei fagorganiserte som arbeider på den noverande produksjonslina for Boeing 777 i Seattle, til nyheitsbyrået Reuters.

Stemninga blant maskinarbeidarane er delt. På den eine sida er det glede over at arbeidsplassane i området er sikra, men også sorg og sinne over at dei har måtta gitt opp ein del av rettane sine.

Den nye avtalen betyr blant anna langt dårlegare forsikringsvilkår for dei tilsette, og dei har gitt frå seg streikeretten heilt fram til 2024. Då går avtalen som no er sikra ut.

God økonomi

Boeing Washington Jim Bearden

Jim Bearden frå maskinarbeidarane si fagforeining i USA orienterer om avtalen.

Foto: Ted S. Warren / Ap

Dei fagorganiserte argumenterte med at Boeing-selskapet har hatt god inntening, at aksjekursane for selskapet er høge, og at det ikkje er rett at dei tilsette må gi frå seg gode dei tidlegare har forhandla seg fram til.

Boeing har tidlegare vist at dei kunne flytte produksjonen ut av Seattle-området. Då dei starta produksjonen av Boeing 787 Dreamliner vart det oppretta ei heilt ny produksjonsline i Sør-Carolina.

Avtaleforslaget som Boeing-konsernet no har fått godkjent, har skapt ei djup rift mellom den lokale fagforeininga i Seattle og leiinga i foreininga, som held til i Washington DC.

– Pensjonsrettar er heilage

Leiarane i Washington har heile tida jobba for ein avtale, og det har også vore eit klart skilje mellom eldre og yngre arbeidstakarar. Dei yngre har vore positive til avtalen, medan dei som nærmar seg pensjonsalderen har vore motstandarar. Nesten halvparten av maskinarbeidarane er 50 år eller eldre.

Eitt av hovudargumenta til motstandarane av avtalen har vore at opparbeidde pensjonsrettar er heilage og ikkje kan endrast.

Eit klart fleirtal av medlemene i Internatiobnal Association of Machinists and Aerospace Workers (IAM) sa nei til eit avtaleforslag som vart lagt fram i fjor haust. I forslaget som no har fått fleirtal har Boeing-konsernet lagt ein milliard dollar i potten for å sikre ein avtale.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt