NRK Meny
Normal

Blokkerer Wikipedia i Tyrkia

Tyrkia blokkerer tilgangen til nettleksikonet Wikipedia. Styresmaktene meiner Wikipedia lar seg bruke i ein kampanje mot landet.

Skjermdump Wikipedia

Umogeleg å taste seg inn på Wikipedia i Tyrkia i dag.

Ved åttetida i dag lokal tid blei det oppdaga at tilgangen til Wikipedia var blokkert, ifølgje organisasjonen Turkey Blocks. Sperringa omfattar alle språkutgåvene av nettleksikonet.

Brukarar i Tyrkia som prøver å komme inn på nettsidene (utan å bruke såkalla VPN-nøkkel), får opp ei melding om at styresmaktene har stengt tilgangen til Wikipedia med grunnlag i tyrkisk lov.

Laster Twitter-innhold

Ber Wikipedia fjerne innhald

Styresmaktene stadfester at tilgangen til wikipedia.org er sperra. Departementet for transport, skipsfart og kommunikasjon seier at Wikipedia er blokkert fordi nettstaden er blitt ei informasjonskjelde som står i kontakt med grupper som driv ein internasjonal kampanje mot Tyrkia.

Wilipedia på mobil

Slik ser det ut på mobilen dersom du er i Tyrkia og prøver å gå inn på Wikipedia i dag.

Det offisielle nyheitsbyrået Anadolu skriv at styresmaktene har bedt Wikipedia om å fjerne innhald som knyter Tyrkia til terrorgrupper, men at Wikipedia har nekta å gjere dette.

Ifølgje byrået har Tyrkia bedt Wikipedia om å opne kontor i landet, rette seg etter internasjonal lov, respektere rettsavgjerder og om ikkje å vere ein del av ein kampanje mot Tyrkia. Dersom desse krava blir innfridde, og deler av innhaldet fjerna, vil Wikipedia bli opna igjen, ifølgje Anadolu.

– Som i Nord-Korea

Avgjerda om å blokkere Wikipedia, ein av dei mest populære nettstadene i verda, har ført til opprør i sosiale medium. Enkelte spekulerer i om avgjerda er tatt etter at mange har ytra seg kritisk om president Recep Tayyip Erdogan sin Wikipedia-profil etter at han vann folkeavstemminga om utvida fullmakter 16. april.

Laster Twitter-innhold

Politikarar frå opposisjonen bruker sterke ord om det som har skjedd. Eren Erdem frå Det republikanske folkepartiet skriv på Twitter at forbodet «plasserer Tyrkia i selskap med Nord-Korea». Baris Yarkadas kallar det «sensur og eit brot på retten til fri tilgang til informasjon».

Tyrkiske styresmakter har tidlegare blokkert tilgangen til ei rekkje nettstader. Dette er som regel gjort etter terrorangrep og større massedemonstrasjonar. Ifølgje organisasjonen Freedom House er det snakk om over 111.000 nettstader sidan mai i fjor.

Styresmaktene seier at slike tiltak alltid er mellombels, og at dei er nødvendige av omsyn til nasjonal tryggleik.

I november 2016 innførte Tyrkia omfattande restriksjonar på nett-tenester som WhatsApp, Twitter, Facebook, Youtube og fleire andre nettstader. Dette skjedde etter store protestar mot arrestasjonen av 11 kurdiske politikarar.

Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt