Blodige skildringar frå betent valkamp i Uganda

Opposisjonen i Uganda fortel om vald og overgrep i valkampen der president Museveni søkjer ein sjette periode. Sosiale medium er stengde. Torsdag opnar vallokala.

JLVHeMHMV6s

Valkampen i Uganda har vore prega av uro. Her blir ein demonstrant arrestert.

Foto: Ronald Kabuubi / AP

– Terroriseringa er uakseptabel, seier opposisjonsleiar Kizza Besigye, som har stilt som Museveni sin motkandidat ved fire tidlegare presidentval.

– Valden og terroriseringa ser ut til å auke frå val til val. I denne valkampen har vi vore vitne til svært grov vald. Det blir verre og verre kvar dag, seier han til nyheitsbyrået AP.

Generalsekretæren i FN, Antonio Guterres ber no styresmaktene respektere menneskerettane i samband med valet.

Museveni sin fremste rival er ein populær songar og politikar som er kjend under namnet Bobi Wine. Han opplyser at tryggingsstyrkar tysdag morgon raida heimen hans. Dei arresterte ei tryggingsvakt og skal ha banka opp to gartnarar.

Verken hæren eller politiet har kommentert skuldingane.

RKA9cQeIsd0

Bobi Wine blir rekna som hovudutfordraren til president Yoweri Museveni.

Foto: Ronald Kabuubi / AP

Ber folket passe på stemmene

38 år gamle Wine, som eigentleg heiter Robert Kyagulanyi Ssentamu, deltok saman med andre opposisjonspolitikarar tidlegare denne veka på eit møte med pressa i hovudstaden Kampala.

Atmosfæren var spent, og Wine oppmoda tilhengjarane sine til ikkje å la seg skremme av tryggingsstyrkane som patruljerer gatene i Kampala.

Saman med andre opposisjonsleiarar understreka han òg at det er gjennomført fleire tiltak for å hindre valfusk. Dei bad likevel veljarar om å opphalde seg ved valstasjonane etter å ha avlagt stemmene sine.

– Museveni er kjend for å fuske i val. Så vêr forsiktige og pass på stemmene dykkar, sa Wine på møtet.

– Bli igjen og pass på stemmene etter at de har stemt, og bruk telefonane dykkar til å dokumentere prosessen, sa han.

Valkommisjonen i landet har gitt folk ordre om å vende heim etter å ha stemt, og oppmodinga frå opposisjonen kan dermed føre til konfrontasjonar.

y4erMkgidE8

Frå venstre til høgre: Opposisjonsleiarane Mugisha Muntu, Patrick Amuriat og Bobi Wine deltok tysdag på ein pressekonferanse før presidentvalet på torsdag i Uganda. Opposisjonen håpar valet vil føre til slutten for regimet til Yoweri Museveni, som har styrt landet sidan 1986.

Foto: Nicholas Bamulanzeki / AP

Sosiale medium stengde

Etter at Facebook stengde fleire kontoar som er knytte til styresmaktene, har Uganda svart med å stengje sosiale medium i landet. Tysdag var Facebook, WhatsApp og Twitter nede.

USA fordømmer avgjerda.

Museveni seier at stenginga er gjengjelding for at Facebook stengde for fleire brukarar dagen før.

– Eg er veldig lei for dette, men vi kan ikkje tolerere denne arrogansen der nokon fortel oss kven som er bra og kven som ikkje er det, sa han i ein TV-sendt tale.

Facebook opplyste måndag at selskapet stengde kontoar som er knytte til informasjonsdepartementet. Facebook meinte mellom anna at dei hadde laga falske profilar for å få dei til å verke meir populære.

Også sidene til fleire regjeringspolitikarar blei stengde fordi Facebook meinte dei hadde prøvd å manipulere debatten i landet.

uzqMm8dkPQo

President Yoweri Museveni har regjert i Uganda sidan 1986.

Foto: Ben Curtis / AP

Dødelege samanstøytar

Wine åtvarar om at forsøk på valfusk kan få blodige utfall.

– Folket i Uganda vil ikkje akseptere lovbrot, seier han.

Uganda har enno ikkje hatt ei fredeleg demokratisk maktovertaking sidan frigjeringa frå det britiske koloniveldet i 1962.

Uganda har vore styrt av Museveni sidan 1986, og han er dermed ein av dei leiarane som har sete lengst ved makta i Afrika. No er grunnlova endra for at han skal kunne stille til val endå ein gong.

Opptakten til valet, der folket òg skal stemme over ny nasjonalforsamling, har vore prega av opptøyar og valdelege konfrontasjonar med tryggingsstyrkar og demonstrantar.

I november blei minst 54 personar drepne i hovudstaden Kampala og andre delar av landet då tryggingsstyrkar slo ned protestar som braut ut etter at Wine blei arrestert, visstnok for brot på koronatiltak.

Internasjonal kritikk

Wine har i ettertid bede Den internasjonale straffedomstolen (ICC) etterforske tryggingsstyrkane for drap og tortur av sivile demonstrantar.

Museveni si regjering har òg måtta tole hard kritikk frå FNs menneskerettskontor, som meiner at koronapandemien er blitt brukt som påskot til å forby valmøte fleire stader i landet.

– Covid-19-restriksjonane er blitt praktisert strengare for å innskrenke valkampaktivitetane til opposisjonen på ein diskriminerande måte, sa talsperson Ravina Shamdasani på ein pressekonferanse i Genève fredag 8. januar.

Droppar valobservasjon

USA droppar den planlagde valobservasjonen fordi dei fleste observatørane er blitt nekta akkreditering av ugandiske styresmakter.

USA sin ambassadør til Uganda, Natalie Brown, seier ho er svært skuffa over at 75 prosent av observatørane fekk avvist spørsmål om akkreditering.

– Med berre 15 akkrediteringar godkjende er det umogleg for USA å kunne observere valet i vallokale landet over på ein meiningsfylt måte, seier ho i ei fråsegn.

SISTE NYTT

Siste nytt