Hopp til innhold

Dødelege kampar før Morsis tale

To er drepne og meir enn 230 skadde i gatekampar i Egypt, berre fire dagar før millionar av menneske har planlagd ein stor demonstrasjon mot landets president.

Mideast Egypt Question Of Legitimacy

Ein tilhengjar av Mohammed Mursi har tatt på seg ei maske av presidenten og deltek i støttemarkeringa framfor Universitetet i Kairo.

Foto: Mohammed Asad / Ap

Berre få timar før president Mohammed Mursi skulle halde tale til det egyptiske folk, brøyt det ut valdelege slagsmål i Mansura, nord for den egyptiske hovudstaden Kairo.

Kasta søppel

Ifølgje nyheitsbyrået AP starta det heile med at motstandarar av president Morsi kasta søppel på dei som hadde møtt opp for å delta i ein støttemarsj for presidenten. Det vart kasta ulike gjenstandar, og skal også ha blitt avfyrt skot under samanstøyta.

Det har lenge vore planlagd ein stor protest mot det egyptiske regimet, og det var venta at president Mursi i dag skulle halde tale for å forsøke å dempe dei mange gnissingane i Egypt. Presidentens medarbeidarar har signalisert at talen vil vere viktig, utan å utdjupe kva dei legg i det.

(Saka held fram under biletet)

Mideast Egypt

Motstandarar av president Mursi roper ut sin misnøye på Tahrir-plassen der også mykje av protestane under den egyptiske revolusjonen fann stad.

Foto: Manu Brabo / Ap

Protest 30. juni

Det er misnøye med landets økonomiske situasjon og regjeringspartiet, Det muslimske brorskapet, sin dominans i den egyptiske politikken som skal vere hovudgrunnane til dei planlagde protestane. Det vert sagt at millionar av menneske vil delta i demonstrasjonane som skal finne stad 30. juni.

Dei siste dagane har difor mange av Egypts innbyggjarar førebudd seg på langvarig uro, og har gått til innkjøp av mat og naudsynte varer som dei kan få bruk for om dei vert isolerte.

Hæren trekk i trådane

Det er usikkert kva framtida bringer for det politiske miljøet i Egypt. Dei to politiske blokkene som stod saman då dei styrta tidlegare president Hosni Mubarak, har lenge vore splitta.

Hæren står sterkt i Egypt, og var også med på å styrte Mubarak. Fram til no har hæren haldt seg roleg med tanke på dei nylege politiske gnissingane i landet, og oppmoda til kompromiss mellom partane. Men dei har samstundes signalisert at dei vil gripe inn om det brygger opp til bråk i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt