Blodig laurdag på Sri Lanka

Så mange som 70 menneske kan ha mista livet i helga.

Attentat på Sri Lanka
Foto: Gemunu Amarasinghe / AP

Kilde: NTB

Laurdag var det nye samanstøyt mellom regjeringsstyrkar og Tamiltigrane på Sri Lanka.

Mange drepne

Det føregjekk harde kamper i dei nordlege delane av øya gjennom heile laurdagen og det srilankiske militæret hevdar å ha drepe 40 opprørarar.

Tamiltigrane seier på si side at 30 regjeringssoldatar mista livet.

Kjent for å overdrive

Den srilankiske regjeringa har lova å kaste ut Tamiltigrane frå deira base nord på øya, men diplomatar og andre observatørar hevdar at motstanden frå tigrane er hardare enn forventa.

Det er vanskeleg å få stadfesta drapstala på Sri Lanka av uavhengige kjelder, men begge sider i konflikten er kjent for å overdrive kor mange av fienden sine soldatar som er drepne.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt