NI menneske er drepne i uro på Gazastripa det siste døgnet. Her israelske soldatar på patrulje. (AP-Scanpix-foto)
Det var fullt kaos i Rafah då israelske styrkar på nytt gjekk inn i byen. (AP-Scanpix-foto)
Fem vart drepne i skotveksling med israelske soldatar, i ein aksjon der to Apache kamphelikopter, 20 jeepar og pansra køyrety deltok i operasjonen. Ein palestinsk politimann og ein redningsarbeidar vart også drepne i skytinga.
19 andre palestinarar vart skadde, fire av dei alvorleg, opplyser palestinske styresmakter. Det kom til intens skyting mellom soldatane og militante palestinarar. Fleire hus skal vere øydelgde.
Augevitne fortel at det vart skote rakettar frå helikoptera, og at dette var årsaka til at så mange vart drepne og skadde.
Dette har vore det blodigaste døgnet på Gazastripa på fleire månader
Ein talsmann for den israelske hæren stadfestar at det går føre seg ein aksjon i Rafah. Målet med aksjonen er å øydeleggje tunnelar som går mellom Rafah og Egypt, som blir brukte til å smugle våpen. 40 tunnelar er øydelagde hittil i 2003, seier talsmannen.
Dermed er ni menneske drepne på Gazastripa det siste døgnet, sju palestinarar og to israelarar.
I går kveld vart to israelske offiserar drepne ved busetjinga Kush Katif sentralt. Dei tok opp jakta på ein mann prøvde å ta seg inn i busetjinga. Mannen kasta ein handgranat mot dei israelske soldatane, og begge vart drepne.
Seinare vart angriparen skoten og drepen av andre israelske sodlatar, og litt seinare på kvelden vart også ein annan palestinar drepen, etter at han hadde opna eld mot israelske soldatar.
Den israelske talsmannen avviser at aksjonen er ein hemnaksjon etter at dei to offiserane vart drepne i går kveld.
Både Al Aqsa-brigadane og Islamsk heilag krig, Jihad, har teke på seg ansvaret for angrepet på dei israelske soldatane.