Hopp til innhold

Blir han «Årets person» i verda i 2012?

Kvart år kårar det amerikanske nyheitsmagasinet Time «Årets person». Rådet frå lesarane er klart: Det må bli Kim Jong-un i 2012.

Kim Jong-Un

Blir Kim Jong-un «Årets namn» i verda i 2012? Det meiner lesarane av Time Magazine.

Foto: KNS / Afp/ NTB Scanpix

Time Magazine har plukka ut 40 kandidatar til tittelen «Årets person» i 2012. Det er redaktørkollegiet i magasinet som avgjer kven som skal få tittelen som den viktigaste personen dette året.

pussy riot lindmo

Ein av Pussy Riot-jentene var gjest hos Lindmo på NRK1 tidlegare i haust.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Time har likevel bede lesarane sine om råd. Og over ein million av dei har røysta på Kim Jong-un, den unge og ferske leiaren i diktaturstaten nord på den koreanske halvøya.

Den enorme oppslutninga om Kim Jong-un i avrøystinga til Time Magazine skuldast ein aksjon frå ei Internett-gruppe som kallar seg 4C, melder den amerikanske nettavisa Huffington Post .

Sjå kandidatane her

Sjå tidlegare vinnarar

Kultfigur i Vesten

Den same Kim Jong-un har alt vorte ein kultfigur i Vesten, slik faren Kim Jong-il også var det. Den amerikanske satireavisa The Onion kåra han nyleg til den mest sexy mannen i verda, noko som vart plukka opp av den kinesiske storavisa Folkets Dagblad. Dei hadde rett nok ikkje fått med seg at det heile var ein spøk, og det vart ei heller flau affære for hovudorganet til Det kinesiske kommunistpartiet.

Bashar al-Assad hos TV-kanalen Russia Today

Syrias president Bashar al-Assad er ein av kandidatane på lista til Time.

Foto: Russia Today

– Med sitt dødeleg kjekke, runde ansikt, sin guteaktive sjarm og si sterke og kraftige ramme er denne hjarteknusaren frå Pyongyang alle kvinner sin draum, heiter det i The Onion sin omtale av Kim Jong-un.

Og Folkets Dagblad siterte også moteredaktøren i The Onion:

– Han har den sjeldne eigenskapen at han kan vere fullstendig elskverdig og fullstendig macho samstundes, seier ho.

Presidentar og punkarar

Det er mange andre prominente kandidatar blant dei 40 som er plukka ut av Time. Egypts president Mohammad Morsi, USAs president og visepresident Barack Obama og Joe Biden, den kinesiske kunstnaren og dissidenten Ai Weiwei, Syrias president Bashar al-Assad, Israels statsminister Benjamin Netanyahu, USAs utanriksminister og eks-president Hillary og Bill Clinton, eventyraren Felix

Felix

Fallskjermhopparen og eventyraren Felix Baumgartner er ein av kandidatane på lista til Time.

Foto: Ross Franklin / Ap

Baumgartner, dei russiske feminispunkarane Pussy Riot, den pakistanske jenta som vart forsøkt drepen av Taliban, Malala Yousafazi og mange fleire.

Alle kan vere med på å røyste, og avrøystinga blir ikkje avslutta før eitt minutt før midnatt 12. desember, og vinnaren blir kåra 14. desember.

Berre så det er klart. Det er ikkje berre menneske som har utmerka seg positivt som kan bli valde til «Årets namn».

LES OGSÅ: – Nord-koreansk minister henrettet for å ha drukket

LES OGSÅ: Nordkoreanske soldater har flyktet

LES OGSÅ: Vil gi folket pizza og platåsko

LES OGSÅ: – Nord-Korea kan komme til å bygge 48 atomvåpen

Og for dei spesielt interesserte (Kim Jong-un looking at things)

SISTE NYTT

Siste nytt