Innslaget på den nasjonale fjernsynsstasjonen viste ein smilande og leande Saddam Hussein saman med fleire regjeringsmedlemer. Ein Reuters-korrespondent i Bagdad, som såg innslaget på fjernsyn, seier at den irakiske presidenten hadde militæruniform på seg.
Saddam Hussein viste seg på fjernsyn i kveld. (Arkivfoto)
Det såg ut som om dei oppheldt seg i eit nake, låst rom, utan vindauge eller gardiner.
Irakisk fjernsyn rapporterte tidlegare i dag at Saddam Hussein hadde leidd eit møte med sine næraste rådgjevarar, inkludert dei to sønene Uday og Qasay. Det er uklart om bileta som vart viste på fjernsynet er frå dette møtet.
Nyheitsbyrået AFP melder at Saddam Hussein i innslaget i kveld rosa dei irakiske soldatane for deira heroiske innsats i kampen mot fienden.
Samstundes vart det i kveld kjent at Saddam Hussein har sendt ut ei åtvaring til kurdarane i Nord-Irak mot å kjempe på dei amerikansk-britiske styrkane si side. Åtvaringa vart lesen opp på irakisk fjernsyn av informasjonsminister Mohammed Saeed.