NRK Meny
Normal

Bli med under isen i Polhavet

POLHAVET (NRK): Snart blomstrar det opp med algar og plankton. Men allereie no er det liv under isen i Polhavet. Bli med under isen og sjå dei spektakulære bileta!

På 83 grader nord, mellom Svalbard og Nordpolen, ligg forskingsskipet Lance innefrose i isen. Eit tjuetals forskarar frå ti land er med. Forskarane gjer omfattande målingar av havet, isen, snøen og atmosfæren. Bli med ein av dykkarane inn under isen - og - sjå dei spektakulære bileta.

Bli med ned i Polhavet.

På 83 grader nord, mellom Svalbard og Nordpolen, ligg forskingsskipet Lance innefrose i isen. Eit tjuetals forskarar frå ti land deltek på toktet Norwegian Young sea ICE cruise, eller N-ICE 2015.

Frå januar og i eit halvår framover driv skipet med isen sørover mot Framstredet mellom Svalbard og Grønland.

Dykkartelt på isen

Dette er dykkarane sin base på isen på 83 grader nord.

Foto: Margret Helland / NRK

Forskarane gjer omfattande målingar av havet, isen, snøen og atmosfæren. Målet med prosjektet, som blir leia av Norsk Polarinstitutt, er å samla data for betre å kunne lage prognosar for klimautviklinga framover. Det er i svært liten grad forska så langt nord i Polhavet tidlegare.

Klar til å dykke i Polhavet

Tyske Peter Leopold frå Norsk Polarinstitutt er klar til å dykke ned i det iskalde Polhavet på 83 grader nord.

Foto: Margret Helland / NRK

I dykkarteltet er forskar Peter Leopold ved Norsk Polarinstitutt klar.

– Vi har 3,5 kilometer med vatn under oss, så skulle vi misse noko her, er det borte for alltid, seier Leopold før han hoppar ned gjennom holet i isen.

Med seg har han NRKs kamera.

Når han kjem opp igjen, viser han fram fleire ribbemaneter som han har funne.

Ribbemaneter frå Polhavet

Peter Leopold få Norsk Polarinstitutt har med seg ribbemaneter etter å ha dykka i Polhavet på 83 grader nord.

Foto: Margret Helland / NRK

– Er det noko særleg liv der nede?

– Det er ikkje så veldig mykje no, men så snart snølaget blir tynnare utover våren og sommaren, slepp det meir lys ned gjennom isen. Då vil det blomstre opp med meir algar og plankton. Då blir det også meir ribbemaneter.

– Kor viktige er desse observasjonane?

– Det er unikt å kunne følgje det som skjer under isen så langt nord, og å gjere det over heilt halvt år samanhengande. Vi kan følgje endringane på nært hald. Dette er viktig informasjon, seier Leopold.

På 83 grader nord, mellom Svalbard og Nordpolen, ligg forskingsskipet RV Lance innefrose i isen. Eit tjuetals forskarar frå ti land er med. Forskarane gjer omfattande målingar av havet, isen, snøen og atmosfæren. Målet med prosjektet, som blir leia av Norsk Polarinstitutt, er å samle data for betre å kunne lage prognosar for klimautviklinga framover.

Sjå Søndagsrevyens reportasje frå forskingstoktet i Polhavet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt