Hopp til innhold

Bli med inn i fengselet til IS i Raqqa

Her sat hundrevis av dødsdømde fangar. Skrekkfengselet vart til slutt den siste skansen til mange av IS-krigarane i Raqqa. No fryktar koalisjonen at IS-krigarar kan ha søkt dekning i tunnelar under byen.

Der dødsdømde gissel vart torturerte og avretta av IS i Raqqa.

VIDEO: Den kurdiske soldaten Ismail Abu Seba sat fengsla i Raqqa. Han trudde aldri han ville overleve.

Den kurdiske soldaten Ismail Abu Seba tek nyheitsbyrået Reuters med seg inn i fengselet til IS i Raqqa.

Raqqa var rekna som hovudstaden i kalifatet IS ynskte å skape. Tapet av byen hadde tung symbolverdi.

Det historiske kalifatet, som strakk seg frå Afrika til Europa, gjekk til grunne etter første verdskrigen, då Osmannarriket vart oppløyst, og Mustafa Kemal Atatürk grunnla det moderne sekulære Tyrkia. Kalifen vart send i eksil.

I 2014 erklærte IS at dei hadde grunnlagt eit nytt «kalifat», ved å erobre område i Irak og Syria.

Eit uhyggeleg fengsel

Det er eit goldt nettverk av celler, der fangane vart banka opp medan dei venta på døden.

Enda du opp her, betydde det som regel berre ein ting. At du skulle lide, og så bli halshogd ved fotballstadionet utanfor.

– Det at eg kom meg ut herifrå, var som å bli fødd på ny, fortel den kurdiske soldaten til Reuters.

Han fortel ikkje detaljane om korleis han vart ein fri mann, eller kvifor han hamna i fangenskap.

Men i borgarkrigar er det ofte tilfeldigheitene som rår.

Syria Raqqa

FENGSELET: Store og små celler. Torturkammer og tunnelar. IS-fengselet i Raqqa er eit ubehageleg minne om korleis IS behandla fangar og gislar.

Foto: Asmaa Waguih / AP

Stor kapasitet

Fengselet hadde ein kapasitet på rundt 1000 fangar, der menn og kvinner var halde i to ulike avdelingar.

Størrelsen på cellene varierer frå det romslege, til små boksar, som vart brukt til ekstrem avstraffing.

På ein og annan vegg har ein fange skribla ei siste helsing til familien sin, fortel Sky News reporter Stuart Ramsay.

Frå taket heng det krokar der fangane vart hengt i spenn og piska. Andre stadar finst det middelalderske strekkbenkar.

Det var eiga celle for IS-krigarane som hamna i unåde. Det var dødsstraff for å desertere. Ingen kunne trekke seg når dei først hadde slutta seg til rørsla.

Ramsay hevdar han fann spor etter den britiske framandkrigaren Omar Hussain, som tidlegare arbeidde i kassa ved ein supermarknad.

– IS gøymer seg kanskje i tunnelar

Sandsekkar og forsvarsstillingar viser at IS-krigarane forsvarte seg til det siste frå dette fengselet.

Men i golvet kan ein sjå at det finst tunnelar som går ut av bygningen.

Stuart Ramsay fortel at Raqqa framleis er avsperra, medan koalisjonsstyrkane saumfer byen etter IS-krigarar som ligg i dekning.

Det er ein farleg jobb. Truleg har IS minelagt store delar av byen og tunnelane sine. Bombeekspertane må gå forsiktig fram.

– Dei fleste soldatane har trekt seg ut av byen, i frykt for at IS-krigarar gøymer seg i tunnelar og ventar på å utføre sjølvmordsangrep, skriv Ramsay.

Samtidig er det fare for å få lause gjenstandar over seg. Raqqa er ein ruinhaug, kvar einaste bygning har fått ein eller annan skade.

Denne veka vart Raqqa i Syria fullstendig reinska for IS-krigarar. Ein ny dronevideo viser øydeleggingane i byen.

SJÅ VIDEO: Dei enorme skadane i Raqqa. Ikkje eit hus er heilt.

SISTE NYTT

Siste nytt