NRK Meny
Normal

Blakk pensjonist skaut seg sjølv i protest i Hellas

Ein pensjonist som sleit økonomisk, skaut og tok livet av seg sjølv utanfor den greske nasjonalforsamlinga onsdag. Hendinga har vakt stor oppsikt i det gjeldstyngde landet.

Grekarar samla seg rundt åstaden der pensjonisten skaut seg sjølv i protest

Grekarar samla seg rundt åstaden der pensjonisten skaut seg sjølv i protest.

Foto: YORGOS KARAHALIS / Reuters

Den 77 år gamle pensjonerte farmasøyten skal ifølgje vitne ha dukka opp på Syntagma-torget i Athen onsdag morgon.

Framfor fleire tilskodarar tok han livet sitt på grunn av situasjonen han har havna i på grunn av gjeldskrisa til Hellas.

Skulda på politikarar

– Eg har gjeld og eg held det ikkje ut lenger, skal han ha ropt, før han sette ein pistol mot tinningen og trekte av.

LES: Grekere jobber mest i Europa

Ifølgje gresk politi hadde mannen ein lapp i lomma der han skulda politikarar og ein dårleg økonomi for å skubbe han over kanten.

Offentleg sjølvmord

Det offentlege sjølvmordet vakte raskt stor merksemd og sympati i det gjeldstyngde landet, der ein av fem er arbeidslause og stadig fleire slit med å få det til å gå rundt etter fleire rundar med kutt i lønningar og pensjonar.

Få timar etter sjølvmordet var åstaden fylt av lys, blomster og handskrivne lappar som fordømte den økonomiske krisa landet er inne i.

Også leiande politikarar på begge sider av det politiske spektrum i landet uttrykte sjokk og sorg over hendinga

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt