Hopp til innhold

Blair: - Det var rett å fjerne Saddam

Storbritannias tidlegare statsminister Tony Blair står fast på at det var rett å fjerne Saddam Hussein frå makta i Irak. Han seier likevel at avgjerda om å gå til krig var den mest smertelege han nokon gong har gjort.

Tidlegare statsminister Tony Blair.

Tony Blair forsvarte tidlegare i dag handlingane sine før Storbritannia gjekk med i krigen mot Irak i 2003.

Foto: STEFAN ROUSSEAU / Afp

Kommisjonen som har granska den britiske deltakinga i krigen mot Saddam Hussein i Irak har retta hard kritikk av Blair og prosessen som førte fram til at Storbritannia gjekk med i krigen i 2003

Det kjem blant anna fram i granskingsrapporten at den britiske deltakinga i krigen var basert på feil etterretning og dårleg planlegging. Alternativ for ei fredeleg løysing var ikkje skikkeleg vurdert, og ifølgje rapprten hadde statsminister Tony Blair gitt USAs president George W. Bush klar melding om at Storbritannia kom til å bli med, heile åtte månader før.

– Kan saksøkje Blair

Sir John Chilcot har leidd granskinga av Storbritannias rolle i Irak-krigen.

Sir John Chilcot har leidd arbeidet med rapporten om Irak-krigen. Arbeidet har teke sju år,

Foto: DAN KITWOOD / Afp

Rapporten slår også fast at det som før USA og Storbritannia gjekk til krig vart presentert som bevis på at Saddam hadde masseøydeleggingsvåpen, viste seg ikkje å stemme

Etterlatne etter britiske soldatar som vart drepne i krigen, har varsla at det er aktuelt å gå til sak mot Tony Blair på bakgrunn av det som har kome fram i rapporten.

Tony Blair sjølv er altså klar på at han meiner det ikkje var noko anna alternativ å gå til krig og fjerne Saddam Hussein frå makta. Han vedgjekk på ein pressekonferanse i ettermiddag at det var den vanskelegaste avgjerda han nokon gong har teke.

Han minte også om terrortrusselen verda stod overfor i 2003, og han nektar å godta at invasjonen og fjerninga av Saddam Hussein frå makta, førte til at terrorgruppene Al Qaida og IS fekk vekse seg sterke i Irak.

– Handla i god tru

Blair tok opp att at han tok avgjerda i god tru om at Saddam-regimet verkeleg hadde masseøydeleggingsvåpen. Kommisjonen har heller ikkje funne noko som tyder på at Blair og regjeringa hans villeidde parlamentet og det britiske folket med overlegg.

Samstundes som han forsvarte avgjerda om å gå til krig, viste Blair seg i dag også frå ei meir audmjuk side.

Demonstrasjon mot Tony Blair i London 6. juli 2016.

Demonstrantar med Tony Blair- og George Bush-masker demonstrerte i London etter framlegginga av rapporten i dag.

Foto: Matt Dunham / Ap

– Eg uttrykkjer meir sorg, anger og orsaking enn nokon kan tru for liva som gjekk tapt, sa han med skjelvande røyst.

– Likevel. Rapporten slo fast at vi ikkje for med løgn, parlamentet og regjeringa vart ikkje feilinformert, og der var ingen hemmeleg forplikting om å gå til krig, la han til.

Etterpåklokskap

Blair sa også at ingen kunne ha handla på ein annan måte, om dei hadde sett dei rapportane han fekk seg lagt fram før avgjerda vart teken. Han vedgår likevel at etterretningsanalysane viste seg å vere feil, og at tida etter invasjonen vart blodigare enn dei hadde trudd.

– Eg aksepterer i etterpåklokskapens lys at vi kunne ha gjort andre vurderingar, blant anna at vi skulle ha planlagt betre for korleis Irak skulle sjå etter krigen, sa Blair blant anna.

Reaksjonar på Blair på Twitter

SISTE NYTT

Siste nytt