Hopp til innhold

Blair truar Iran

Tony Blair truar Iran med at konflikten vil kome over i "ein ny fase", om ikkje dei 15 britane blir sette fri straks.

Dei 15 internerte tenestegjer om bord i HMS "Cornwall".
Foto: AP

- Vi gjer alt vi kan for å få til ei diplomatisk løysing, og å få Iran til å forstå at dei må setje fri soldatane våre. Om dei ikkje blir sette fri, går denne saka inn i ein ny fase, sa Tony Blair i eit fjernsynsintervju i dag.

På spørsmål om kva han la i uttrykket ein ny fase, svarte Blair at at ein berre må vente og sjå.

Tony Blair
Foto: JOHN D MCHUGH / AFP

Familen til Faye Turney (26), den einaste kvinna blant dei 15 britiske soldatane som er fangar i Iran, seier dei har det forferdeleg.


I ei fråsegn frå familien, som er utsend via det britiske forsvarsdepartementet, heiter det at familien er takknemleg for all støtte dei har fått. Dei fortel likevel at dei gjennomgår ei svært tøff tid, og ber media om å skåne familien.

- Vær så snill å respekter at vi vil vere i fred, sjølv om vi forstår at det er stor interesse rundt saka, heiter det i fråsegna.

Etter det BBC kjenner til blir dei 15 marinesoldatane frå fregatten HMS "Cornwall", som vart tekne til fange av den iranske revolusjonsgarden i Persiabukta sist fredag, haldne i ein base som tilhøyrer revolusjonsgarden i Teheran.

Ei iransk kjelde seier til BBC at dei 15 britane blir avhøyrde for å finne ut om dei eigentleg var ute på eit spionasjeoppdrag.

For at dei 15 kan setjast fri, seier kjelda, er det to ting iranske styresamakter må kjenne seg heilt sikre på. Det er at britane ikkje hadde gått inn i iransk farvatn medvite, og at dei ikkje var spionar.

Iransk UD har forsikra britisk UD om at dei 15 soldatane blir bra behandla og at dei er i god form.

Dei 15 kan bli tiltalte for ulovleg å ha gått inn i iransk farvatn, sjølv om både Storbritannia og Irak seier dei er sikre på at dei oppheldt seg i irakisk farvatn då dei vart arresterte.

Ei paramilitær studentgruppe som står president Mahmoud Ahmadinejad nær, Basij, har kravd at dei 15 britane blir stilde for retten.

SISTE NYTT

Siste nytt