Så seint som i går viste målingar at Tony Blair og Labour sin valsiger ikkje var så sikker som det har verka tidlegare.
Målingane som blir offentleggjorde i britiske aviser i dag viser at forspranget er betryggande for den sitjande statsministeren.
Det britiske folk ser ut til å ville ha fire nye år med Tony Blair. (Foto: Reuters/Scanpix)
Historisk
Dermed er det duka for fire nye år med Tony Blair, som blir hstorisk som den første Labour-statsminister som blir attvald to gonger. Dermed kjem han i klasse med den konservative jerndronninga Margaret Thatcher, som regjerte på 70- og 80-talet.
Ei måling i den konservative avisa The Times gir Blair og Labour ein oppslutnad på 41 prosent, medan Det konservative partiet får 27 prosent. Det liberademokratiske partiet får 23 prosent.
Dermed verkar deg som om Tony Blair sin valkampinnspurt har gitt resultat. Dei siste dagane har han åtvara Labour-tilhengjarar om å sitje heime på valdagen, fordi det kunne føre til regjerignsskifte.
Økonomisk vekst
Labour har vist til den kraftige økonomiske framgangen Stobritannia har opplevd under Blair, og har i valkampen spelt på at alt dette står i fare dersom Det konservative partiet skulle kome til makta.
Blair har bede veljarane ikkje bite på opposisjonen sitt hardkøyr om Irak-krigen, men fokusere på viktige innanrikspolitiske saker.
Dei siste målingane tyder på at Blair kan ha nådd fram til kjerneveljarane, den britiske arbeidarklassa, med bodskapen sin.
Trass i dei gode meiningsmålingane, så kan lokale forhold føre til at valresultatet ikkje blir så godt for Blair og Labour som det målingane indikerer.
Taktisk
Den konservative avisa Daily Mail brukar i dag tre sider på å vise vejarane korleis dei vere med på å skape eit dårleg val for Blair, gjennom taktisk røysting.
Her blir det gitt ei oversikt over kva valkretsar Labour er mest sårbare for å tape, med oppmoding om å mobilisere for å sikre at Labour-kandidaten tapar.
Likevel vedgår avisa på leiarplass at det er lite sannsynleg at det er mogleg å hindre ein ny periode for Tony Blair og Labour.