Hopp til innhold

Blair åtvarar på det sterkaste mot ny labourkandidat

Den tidlegare Labour-statsministeren meiner partiet kan utslette seg sjølv om dei vel Jeremy Corbyn som ny partileiar.

Tony Blair

Tony Blair ber dei som skal stemme over ny Labour-leiar i september om å forstå faren ved å velje Corbyn.

Foto: EDGARD GARRIDO / Reuters

I eit brev som står på trykk i The Guardian, skriv Blair at partiet «går utfor klippekanten». Han meiner at Labour vil utslette seg sjølv dersom Jeremy Corbyn vinn partiets nominasjonskamp, skriv BBC.

Også The Electoral Reform Society (ERS), ein interesseorganisasjon som promoterer valreformer, har sagt at Labour bør utsette å sende ut stemmesetlar.

Kritikken frå tidlegare Labour-statsminister Blair kjem samtidig som kandidat-konkurrent Yvette Cooper kritiserer politikken til Corbyn for å ikkje vere truverdig.

Aukande støtte

Corbyn var sett på som ein outsider ved starten av nominasjonskampen. Men han har tala for fulle hus i Storbritannia. Ifølgje meiningsmålingane ligg Corbyn på topp med 53 prosent, med Andy Burnham på andreplass med 32 prosent.

Jeremy Corbyn

Corbyn ligg best an på meiningsmålingane før nominasjonskampen i Labour.

Foto: PAUL ELLIS / Afp

Labour seier at 610 000 menneske har meldt seg til å stemme i nominasjonsrunden. Før valet i år, hadde partiet 200 000 medlemmar.

ERS er ikkje involvert i å køyre nominasjonskampen, men viseadministrerande direktør Darren Hughes seier at det er opplagt at der er mange som ikkje støttar partiet som har meldt seg på for å kunne stemme.

Avstemminga byrjar førstkomande fredag, og resultatet vil vere klart 12. september.

BRITAIN-POLITICS-LABOUR

Kandidatane, frå venstre JEremy Corbyn, Liz Kendall, Andy Burnham og Yvette Cooper.

Foto: JUSTIN TALLIS / Afp

– Forstå faren vi er i

– Det betyr ingenting om du står til høgre, i midten eller til venstre for partiet, om du brukte å støtte meg, eller hate meg. Men ver så snill, forstå faren vi er i, skriv Tony Blair vidare i The Guardian.

Han skriv at partiet går med auga lukka, armane utstrekt over kanten av klippa til dei spisse steinane under.

– Det er tid for ei rugby-takling dersom det var mogleg, skriv han.

Tony Blair, som vann tre val og var statsminister mellom 1997 og 2007, åtvara i førre månad partiet mot å bevege seg meir mot venstre. Men i dei vidare intensiveringa av åtvaringane, skriv Blair:

– Dersom Corbyn vert leiar, vil ikkje nederlaget ved neste val bli som i 1983 eller 2015, men det vil føre til velgarflukt, og mogleg utsletting.

SISTE NYTT

Siste nytt