Hopp til innhold

Blå lyssøyler til minne om terroroffera

To blå lyssøyler lyser opp himmelen over New York under minnemarkeringa for terrorangrepet for 20 år sidan

Blå lys over Manhattan i New York til minne om terrorofrene fra 11. september 2001

Fleire høghus på Manhattan var lyst opp i blått laurdag til minne om terroroffera fra 11. september-åtaket.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP / NTB
Himmelen over Manhattan vart laurdag lyst opp med blå lys til minne om dei rundt 3000 som døydde i terroråtaket 11. september 2001.

Dei to blå søylene strekker seg mot nattehimmelen og markerer staden er dei to tvillingtårna stod før dei vart øydelagde i det kraftige terrorangrepet for 20 år sidan. På fleire andre høghus og skyskraparar var det og tent blåe lys i kveld.

Rundt 3000 menneske vart drepne då terroristar frå Al Qaida kapra fire fly og styrta dei – to i tårna på World Trade Center på Manhattan, eit i Pentagon-bygningen i Washington DC og eit i Shanksville i Pennsylvania.

Blå lys over Manhattan til minne om terrorofrene fra 11. sept. 2001

Fleire høghus på Manhattan tente blå lys laurdag til minne om terroroffera fra 11. september-åtaket.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP / NTB
Blå lys på World Trade Center på Manhattan til minne om terroroffera 11. sept. 2001
Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP
Blå lys på World Trade Center til minne om terroroffera frå 11. september 2001
Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP
Statue of Liberty opplyst i blått

Statue of Liberty opplyst i blått.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP / nTB
Dei blå lysa markerer staden der tvillingtårna sto på World Trade Center i New York.

Lysinstallasjonen markerer staden der tvillingtårna stod.

Foto: Brittainy Newman / AP / NTB
Blå lys på World Trade Center

Lyssøylene strekker seg 6 kilometer opp mot nattehimmelen.

Foto: Brittainy Newman / AP / NTB
Blå lyssøyler markerer stedte der tvillingtårnene på World Trade center på Manhattan i New York sto. Her sees Frihetsgudinnen i forkant.

Blå lyssøyler markerer staden der tvillingtårna på World Trade Center på Manhattan i New York stod. I forgrunnen står ei opplyst Fridomsgudinne.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / AFP / NTB
Dei blå lysa på World Trade Center sett frå Empire State Building.

Lysa sett frå Empire State Building lenger nord på Manhattan.

Foto: GO NAKAMURA / Reuters / NTB
Blå lyssøyker på World Trade Cebter sett fra New Jersey

Frå den andre sida av Hudson River ser folk på lysinstallasjonen frå Exchange Place i New Jersey.

Foto: EDUARDO MUNOZ / Reuters / NTB
Blå lyssøyler over Manhattan sett fra Broooklyn Heights i New York

Newyorkarar og tilreisande samla seg på Brooklyn Heights på andre sida av East River for å sjå dei blå lysa.

Foto: SPENCER PLATT / AFP / NTB
Blå lyssøyker på World Trade Cebter sett fra New Jersey

Frå den andre sida av Hudson River ser folk på lysinstallasjonen frå Exchange Place i New Jersey.

Foto: EDUARDO MUNOZ / Reuters / NTB
To blå lyssøyler lyser opp himmelen over World Trade Center i New York under minnemarkeringen for terrorangrepet for 20 år siden.
Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters / NTB

I det siste flyet vart terroristane overmanna av passasjerane, og ein trur at flyet var på veg mot Kongressbygninga eller Det kvite huset. På jordet der det siste flyet styrta var det og minnemarkering laurdag.

Minneseremoni på jordet der Flight 93 styrtet 11. sept.2001

Minneseremoni laurdag på jordet i Pennsylvania der Flight 93 styrta og tok med seg 40 menneske i døden. Blomster vart lagd ned ved den 17 tonn tunge kampesteinen som markerer staden der flyet trefte bakken.

Foto: Gene J. Puskar / AP
Satellittbildet viser minnestaden i Shanksville i Pennsylvania der et fly styrta 11. sept 2001.

Satellittbildet viser minnestaden i Shanksville i Pennsylvania der eit av dei fire kapra flya styrta 11. september 2001.

Foto: AFP / NTB

SISTE NYTT

Siste nytt