Hopp til innhold

Svigersonen til bin Laden for retten i USA

Rettssaka mot svigersonen til Osama bin Laden, Suleiman Abu Ghaith, starta i New York i dag under strenge tryggingstiltak.

Suleiman Abu Ghaith var talsmann for Al Qaida

Suleiman Abu Ghaith i eit videoopptak frå oktober 2001.

Foto: REUTERS TV / REUTERS

48-åringen frå Kuwait, som var gift med bin Laden-dottera Fatima, er tiltalt for å ha delteke i planlegging av terror mot USA og for å ha gitt støtte til terror umiddelbart 11. september 2001.

Suleiman Abu Ghaith, som i ein periode var talsmann for Al Qaida-nettverket, risikerer fengsel på livstid for tiltalen. Han er ein av dei viktigaste Al Qaida-figurane som nokon gong har blitt stilt for retten i USA.

– Straumen av fly

Osama bin Laden

Osama bin Laden vart drepen av amerikanske spesialsoldatar i Pakistan 2. mai 2011.

Foto: AP

I ein video som vart lagt ut på Internett i oktober 2001, mindre enn ein månad etter angrepa 11. september, sa han blant anna:

«Innbyggjarane i USA burde vite at straumen av fly ikkje ville stanse, og at det er tusenvis av ungdomar som er like villige til å døy som amerikanarane er til å leve».

Aktoratet sa under opninga av rettssaka klokka 16 norsk tid i dag at Abi Ghaith var aktiv i Al Qaida-nettverket til 2002, då han flykta frå Afghanistan til Iran etter det amerikanske angrepet på landet.

Den føderale amerikanske påtalemakta meiner at han deltok i planlegginga av eit forsøk på sprenge eit fly på veg frå Paris til Miami i desember 2001 ved hjelp av ei bombe plassert i ein sko .

LES OGSÅ: Strid om skobombemannen

LES OGSÅ: Skobombemannen for retten

Propaganda-videoar

Forsvararen sa i sitt opningsforedrag at USA ikkje har noko bevis for at Abu Gaith hadde noko med dette terrorforsøket å gjere. Tiltalte sa seg ikkje skuldig på alle tre tiltalepunkta.

Det er likevel klart at han i september 2001 deltok på fleire propagandavideoar saman med Osama bin Laden og mannen som tok over etter bin Laden, Ayman al-Zawahiri

Suleiman Abu Ghait, svigersonen til Osama bin Laden.

Suleiman Abu Ghaith i eitt av fleire videoopptak frå 2001.

Foto: -- / Afp

Det er knytt størst spenning til to vitne som skal forklare seg via videolink frå Storbritannia og Jemen. Den eine av dei er den tidlegare sjåføren til Osama bin Laden, Salim Hamdan, som oppheld seg i Jemen. Han vart dømd for terrorplanlegging av ein amerikansk domstol, men vart seinare frikjent av ein ankedomstol.

Den andre er Saajid Badat (33), som dei siste åra har vore ein viktig informant for britisk politi i terror-relaterte saker. Det er sett av fire veker til rettssaka, som går føre seg in domstol på Nedre Manhattan.

LES OGSÅ: - Iran har sett fri Al Qaida-toppar

LES OGSÅ: Stod bak synagoge-angrep

Utlevert frå Jordan

Det var for rundt eitt år sidan av Suleiman Abu Ghaith vart arrestert i Jordan, og så utlevert til USA.

Ifølgje av tyrkisk av var han på gjennomreise i Jordan på veg til Kuwait, etter først å ha vore i Tyrkia. Her vart han først internert av tyrkisk politi, men seinare sett fri igjen. Årsaka var at han ikkje hadde gjort seg skuldig i brotsverk på tyrkisk jord.

Abu Ghaith vart først kjend etter den irakiske invasjonen av Kuwait i 1990. Han markerte seg som ein sterk motstandar av invasjonen i arbeidet sitt som imam, men han vende seg seinare mot den styrande kongefamilien.

Rundt 2000 reiste han til Afghanistan, og her kom han i kontakt med Osama bin Laden og terrornettverket Al Qaida. Han har stått høgt på lista til USA over ettersøkte terroristar.

Kona hans, Fatima, er den eldste av døtrene til Osama bin Laden. Det er rekna med at han hadde over 20 born med fleire ulike koner.

LES OGSÅ: - Iran har sett fri Al Qaida-toppar

LES OGSÅ: - USA har sikra seg bin Ladens svigerson og talsmann

SISTE NYTT

Siste nytt