Amerikanske styresmakter trur det var Osama bin Laden som snakka på lydbandopptaket.
Opptaket med det som skal vere Osama bin Laden vart sendt klokka 21 norsk tid. I lydopptaket heiter det at det ikkje er foreinleg med å vere muslim å støtte USA mot i kampen mot Irak. - All støtte til USA vil vere fiendtleg overfor islam, sa røysta på lydbandopptaket.
Sjølvmordsangrep
Det som skal vere bin Laden kom også med sterke åtvaringar mot arabiske land om å støtte eit amerikansk angrep på Irak, og oppmoda til sjølvmordsangrep mot det han kalla islam sine fiendar.
- Sjølvmordskasjonar har ført til verre katastrofar for USA og Israel enn noko anna dei har opplevd, heitte det på lydopptaket. Vidare vart det sagt at USA ved å okkupere Irak, prøver å oppnå den sionistiske draumen om eit stor-Israel i Midtausten.
Han kom også med sterke utfall mot dei moderne korsfararane sine førebuingar til å gjenokkupere den tidlegare hovudstaden i islam, Bagdad.
Ekte
Ein høgare amerikansk tenestemann, som kravde å få vere anonym, sa i kveld til nyheitsbyrået AFP at amerikanske styresmakter trur opptaket verkeleg er av Osama bin Laden. - I beste fall er dette ein terrorist som gjer felles sak med ein diktator, men det kan også vere starten på ein terrorallianse, sa tenestemannen.
Den amerikanske talsmannen Richard Boucher seier at lydbandopptaket viser klart at det er eit samband mellom Al Qaida-nettverket og Iraks dikator Saddam Hussein. - Røysta på lydbandet trua ikkje berre USA, men også dei andre arabiske landa utanom Irak, sa han.
- Han truar alle andre i den arabiske verda enn Saddam Hussein, som han seier han vil kjempe saman med, sa Boucher til Al Jazeera like etter at fjernsynsstasjonen hadde sendt lydbandoptaket med det som skal vere Osama bin Laden.
Utskrift
Tidlegare i dag sa USAs utanriksminister Colin Powell i ein tale til budsjettkomiteen i Senatet at han hadde sett ei utskrift av noko som bin Laden, eller nokon som utgav seg for å vere bin Laden, ville framføre på Al Jazeera i løpet av kvelden.
Dette vart først avvist av den Qatar-baserte fjernsynsstasjonen, men i kveld vart altså opptaket med det som truleg er bin Laden sendt.
Powell sa at utskrifta viste tydeleg at det er eit samband mellom Al Qaida-nettverket til Osama bin Laden og Irak, og at det vart sagt av den som skulle vere bin Laden at han er i partnerskap med Irak.
Al Jazeera har fleire gongar tidlegare sendt opptak med det som blir hevda å vere Osama bin Laden. USA skuldar fjernsynsstasjonen for å vere eit talerør for propaganda frå Al Qaida.