NRK Meny
Normal

Bin Laden-enkjer blir deporterte frå Pakistan i løpet av kort tid

Tre enkjer etter Osama bin Laden og deira farlause born blir i dag eller i morgon deporterte frå Pakistan.

Svogeren til Osama bin Laden (t.h.) og to advokatar.

Broren til bin Ladens favorittkone, Zakarya Ahmad Abd Al-Fattah (t.h.), saman med to advokatar utanfor huset der storfamilien til terrorleiaren blir haldne i husarrest før dei skal deporterast.

Foto: AAMIR QURESHI / Afp

Dei tre kvinnene, to av dei frå Saudi-Arabia og ei frå Jemen, budde saman med Al Qaida-leiaren i eit hus i Abbottabad i Pakistan i fleire år før han vart drepen av amerikanske elitesoldatar i ein aksjon mot huset i natt til 2. mai i fjor.

Væpna politi utanfor huset der bin Laden-familien sit i husarrest i Islamabad.

Væpna politi utanfor huset der bin Laden-enkjene blir haldne i husarrest.

Foto: AAMIR QURESHI / Afp

Den pakistanske advokaten til enkjene, Muhammed Aamir, seier til nyheitsbyrået AFP at det er snakk om bin Ladens tre enkjer, åtte born og eitt barnebarn. Etter at Al Qaida-leiaren vart teken av dage har familien vore under oppsyn av pakistanske styresmakter.

LES OGSÅ: Bin Ladens koner tiltalt i Pakistan

LES OGSÅ: Har revet huset til Osama bin Laden

45 dagar i husarrest

For to veker sidan vart dei tre kvinnene dømde til å sone 45 dagar i ein slags husarrest i hovudstaden Islamabad for ulovleg å ha teke seg inn i Pakistan og hatt ulovleg opphald der. Denne dommen er ferdig sona ved midnatt lokal tid, og då blir dei truleg sende ut av landet så snart som praktisk mogleg etter det.

Dette blir stadfesta av ein ikkje namngitt tenestemann i den pakistanske etterretningstenesta.

Utvisinga av storfamilien til bin Laden kjem på eit tidspunktet då både USA og Pakistan prøver å betre forholdet mellom dei to landa. Forholdet har vore på eit lågpunkt etter at det viste seg at Osama bin Laden hadde opphalde seg hemmeleg i Abbottabad i fleire år.

Fleire år i garnisonsby

Huset der bin Laden-familien budde i fleire å i Abottabad i Pakistan.

Det var i dette huset i Abbottabad i Pakistan at Osama bin Laden budde i fleire år saman med koner og born.

Foto: AAMIR QURESHI / Afp

Amerikansk etterretning trudde lenge at bin Laden hadde søkt tilflukt på pakistansk side i det uvegsame grenseområde mellom Pakistan og Afghanistan.

Pakistanske styresmakter har heile tida nekta for at bin Laden oppheldt seg i landet, og så viste det seg altså at han budde i garnisonsbyen Abbottabad, som ikkje ligg langt frå hovudstaden Islamabad.

USA har skulda pakistansk etterretning for anten å vere udugelege, eller at dei må ha visst om at bin Laden oppheldt seg i landet.

Advokaten Muhammed Aamir seier at familien på 12 mest truleg blir sende til Saudi-Arabia, men at ei av enkjene seinare truleg blir skyssa til heimlandet Jemen.

LES OGSÅ: – Var ikke Al Qaida-topp likevel

LES OGSÅ: – Bin Laden var lei av livet

Bin Ladens favorittkone

Osama bin Laden

Terrorleiaren Osama bin Laden hadde mange både koner og born.

Foto: NRK

Det som skal ha vore favorittkona til bin Laden er 30 år gamle Amal Abdulfattah frå Jemen. Ho har fortalt til pakistansk politi at ho fekk fire born med terrorleiaren medan dei budde i huset i Abbottabad.

Broren hennar, Zakarya Ahmad Abd Al-Fattah, oppheld seg no i Islamabad for å hjelpe systera. Han har hjelp av to pakistanske advokatar.

Osama bin Laden tok med seg konene og borna frå Afghanistan like etter terrorangrepa mot USA 11. september 2001. Dei skal ha flytta rundt til ulike stader i Pakistan i fleire år, før dei slo seg ned i det tre etasjar store huset i Abbottabad.

Den tida familien var på flukt var det to pakistanske menn som var ansvarleg for all logistikk. Dei gjekk under namna Ibrahim og Abrar. Begge to vart drepne i det amerikanske angrepet som tok livet av bin Laden, og det same vart ein av sønene til Al Qaida-leiaren, Khalid, og kona til logistikksjefen Ibrahim, Bushra.

– Frykta audmjuking

Det har vore spekulert i om at bin Laden-enkjene har vorte haldne tilbake i Pakistan for å hindre at dei kunne fortelje detaljar om opphaldet som kunne ytterlegare audmjuke pakistanske styresmakter overfor USA.

Som til dømes å gi informasjon som kunne styrkje mistanken om at pakistanske styresmakter kjende til at bin Laden oppheldt seg i landet.

Osama bin Laden i huset i Abottabad i Pakistan.

Dette biletet av Osama bin Laden som ser på fjernsyn i huset i Abbottabad, er teke frå ein video som vart funne av dei amerikanske soldatane som angreip huset og tok livet av terrorleiaren.

Foto: Anonym / Ap

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt