NRK Meny
Normal

Bin Laden-enker dømt til fengsel i Pakistan

Ein pakistansk domstol har dømt tidlegare al Qaida-leiar Osama bin Laden sine tre enker og to døtrer til 45 dagar i fengsel for ulovleg opphald i landet.

Osama bin Ladens hus

Huset der Osama bin Laden skjulte seg saman med eine kona og fem born.

Foto: Anjum Naveed / Ap

Dei tre enkene og to døtrene til den tidlegare al Qaida-leiaren er dømt til fengsel for å ha budd ulovleg i Pakistan, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

I praksis blir det 14 dagar i fengsel sidan dei allereie har vore i forvaring. Familiemedlemane til bin Laden vil til slutt bli sendt tilbake til sine heimland, ifølgje advokatane deira.

Domstolen behordra regjeringa til å sende dei ut av landet etter å ha sona fengselsstraffa.

Enkene blei også dømt til å betale ei bot på 10 000 rupi kvar, som tilsvarar litt over 600 kroner.

Kryssa grensa ulovleg

Eine enka Amal Abdulfattah frå Jemen og hennar fem born blei arresterte etter at amerikanske Navy Seals-soldatar aksjonerte mot huset der bin Laden skjulte seg.

Tidlegare denne veka blei dei to andre konene som er frå Saudi-Arabia, skulda for å ha kryssa grensa til Pakistan, og tiltalt for å ha budd ulovleg i landet.

Under vern av myndigheitene

Dei skal ha budd saman med borna sine i Pakistan under vern av pakistanske myndigheiter sidan bin Laden blei drepen av amerikanske spesialsoldatar 2. mai 2011.

Al Qaida-leiar Osama bin Laden blei skoten og drepen i mai i fjor av amerikanske spesialstyrkar som storma huset hans i den pakistanske byen Abbottabad etter å ha jakta på han i ti år.

LES: Osama bin Laden er død

Vil hindre avsløring

Analytikarar har sagt at pakistanske tenestemenn vil føretrekkje ei lengre fengselsstraff for kvinnene for å hindre dei i å avsløre detaljar om korleis bin Laden klarte å opphalde seg i Pakistan i fleire år, utan å bli teken.

LES: Har revet huset til bin Laden

Det er mistenkt at bin Laden klarte å halde seg på rømmen med støtte frå pakistanske styrkar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt