Hopp til innhold

Bildrapsmannen i Graz avhøyrt søndag

Mannen som i går køyrde bilen sin i ei folkemengd og drap tre menneske i Graz i Austerrike, vart søndag kveld avhøyrt av politiet. Tilstanden er framleis kritisk for fleire av dei som vart såra i angrepet.

Ambulansepersonell hjelper en såret

Ambulansepersonell hjelper ein av dei mange såra etter den dramatiske hendinga i Graz i går.

Foto: Elmar Gubisch / Ap

Ein gut på fire år, ei kvinne og ein mann døydde momentant, medan 34 andre vart såra då mannen køyrde bilen sin i rasande fart inn i gågata Herrengasse, før han sprang ut av bilen og angreip fleire personar med kniv .

– Teikn på psykose

Bilen som ble brukt til å kjøre inn i folkemengde i Graz

Det var denne bilen 26-åringen brukte då han i ei fart på mellom 100 og 150 kilometer i timen køyrde inn i ei stor folkemengd i Graz.

Foto: ELMAR GUBISCH / Epa

Det vart gjort eit forsøk på å avhøyre den 26 år gamle mannen tidlegare søndag, men avhøyret kunne ikkje gjennomførast på grunn av den psykiske tilstanden hans. Søndag kveld opplyser påtalemakta i Graz at eit avhøyr er gjennomført.

Talsmann Christian Kroschl opplyser at 26-åringen viste teikn på psykose og at han gav forvirrande svar på spørsmåla.

Mannen var nyleg blitt kasta ut av heimen sin, visstnok fordi han hadde vore valdeleg mot kona og dei to borna deira. Kona og dei to borna har reist frå landet, melder austerriksk fjernsyn.

LES OGSÅ: Politiet: – Gjerningsmannen var pålagt besøksforbud

Minnestund

Fleire tusen menneske deltok laurdag kveld i ei minnestund i sentrum av Graz, den nest største byen i Austerrike. På det største torget i byen vart det lagt ned blomar, lys og kosebamsar til minne om offera.

LES OGSÅ: Ordføreren: – Han kjørte bevisst mot mennesker

SISTE NYTT

Siste nytt