Hopp til innhold

Bilbrannane fyrer opp den svenske valkampen

Opp mot 100 bilar blei sett i brann i Sverige natt til tysdag. Det har gjort saka til ei heit potet i den svenske valkampen.

Sjokkerte naboer ser på bilbrannene og hører skudd mens gjerningspersonene stikker fra stedet.

Svenske politikarar reagerer sterkt på dei mange bilbrannane fleire stader i Sverige natt til tysdag. Opp mot 100 bilar skal ha blitt tente på av maskerte personar. Politiet mistenker at brannane er koordinerte på sosiale medium.

To unge menn er arrestert og mistenkt for grov mordbrann etter brannane. Ein mann er også etterlyst. Dei fleste av dei mistenkte skal vere i slutten av tenåra, eller i 20-års alderen, opplyser svensk politi til SVT.

Tysdag morgon fekk statsminister Stefan Löfven spørsmål om brannane då han møtte til partileiarutspørjing hos Ekot i Sveriges Radio. Han sa han blei rasande over at nokon kunne gjere slikt skadeverk.

– De øydelegg for dykk sjølve og for naboane dykkar. Det finst ingen frustrasjon eller urett som kan rettferdiggjere at de tenner på andre sine bilar, sa han.

Han får støtte av sin eigen justis- og innanriksminister, Morgan Johansson (S), som peikar på at regjeringa har skjerpa straffa for slike lovbrot.

Laster Twitter-innhold

Meiner Løfven må ta ansvar

Partileiar for Moderaterna, Ulf Kristersson, reagerer også på hendingane i natt. Han seier til SVT at han er opprørt og rasande over at uskuldige menneske blir råka:

– Det er mange menneske som får bilane sine øydelagde. Dei kjem seg ikkje på jobb, og taper mykje pengar.

Økonomisk-politisk talsperson i Moderaterna, Elisabeth Svantesson, meiner tiltaka den svenske regjeringa har sett i verk ikkje er gode nok.

– Det er ikkje regjeringa sin feil at bilar brenn. Men regjeringa har eit stort ansvar for å bryte utviklinga. Dei har blant anna brukt for lite pengar på politi, og det er noko Stefan Löfven må ta ansvaret for, seier ho til Aftonbladet.

Utbrente biler på Frölunda i Göteborg

På parkeringsplassen ved Frölunda torg i Göteborg møtte bileigarar synet av utbrente vrak.

Foto: Adam Ihse / AFP

Vil ha harde reaksjonar

Også partileiar for Sverigedemokraterna, Jimmie Åkesson, meiner regjeringa har eit ansvar for det som skjer.

– Den slappe haldninga deira ligg bak dette. Vil ein verkeleg har endringar, kan folk stemme på meg, seier han til avisa.

Isabella Lövin i Miljøpartiet reagerer også på brannane, og skriv at dette ikkje er akseptabelt.

– Kriminaliteten må møte hard motstand frå heile samfunnet. Politiet mistenker koordinering mellom åtak på mange stader. Avskyeleg.

Laster Twitter-innhold

Også partileiar i Centerpartiet, Annie Lööf, kallar hendingane natt til tysdag for avkylege.

Laster Twitter-innhold

I kveld er det klart for den første partileiardebatten i valkampen. Den blir arrangert av Expressen. Brannane og moglege årsaker blir truleg eit tema der.

SISTE NYTT

Siste nytt