Hopp til innhold

Bildesperado drap fem – hadde sleppt ut frå fengsel eit par dagar tidlegare

Fem menneske er døde og 48 er skadde etter at ein bil køyrde inn i ei folkemengd under ein juleparade i Wisconsin. Ein 39 år gamal mann er pågripen.

Den røde bilen kjørte i høy fart inn i gaten der juleparaden fant sted. FOTO: THE CITY OF WAUKESHA / REUTERS

Denne raude bilen køyrde i høg fart inn i gata der juleparaden fann stad. FOTO: THE CITY OF WAUKESHA / REUTERS

Angrepet fann stad i byen Waukesha, rundt klokka 16.30 lokal tid. Byen ligg om lag 30 kilometer vest for Milwaukee.

Dei fem drepne er i alderen 52 til 81 år. 48 menneske vart skadde. Til seks av dei skadde borna er tilstanden alvorleg, skriv NTB.

Politisjef Dan Thompson i Milwaukee-forstaden Waukesha opplyste på ein pressekonferanse måndag at det ikkje dreier seg om ei terrorhending, skriv Sky News.

Minst fem døde og mer enn 40 ble skadd da en bil kjørte inn i en juleparade i Waukesha i Wisconsin. FOTO: JESUS OCHOA/REUTERS

Skadde får hjelp etter at bilen køyrde inn i folkemengda. FOTO: JESUS OCHOA/REUTERS

Det var ikkje noka politijakt i forkant av påkøyringane, legg Thompson til, som identifiserer den sikta 39 år gamle Darrell Edward Brooks.

Han er no sikta for overlagt drap på fem personar. Brooks hadde to pågåande saker mot seg frå før av, og var sluppen ut frå fengsel berre et par dagar tidlegare. Då var han inne for å ha køyrd over ein ekskjærast.

Høyrde høge smellar

Ein polititenestemann skaut mot den aktuelle bilen, ein raud SUV. Politiet trur ikkje at det blei skote frå bilen.

Et barn var heldig under juleparaden. Politiet melder om flere dødsfall etter at en bil kjørte inn i en folkemengde under en juleparade i byen Waukesha i den amerikanske delstaten Wisconsin. FOTO: Jesus Ochoa/Ap

Eit barn var blant dei heldige under juleparaden. FOTO: Jesus Ochoa/Ap

– Vi har funne bilen, og har arrestert ein mistenkt, seier politisjefen i Waukesha, Dan Thompson.

Eit vitne seier til avisa Milwaukee Journal Sentinel at ein raud SUV køyrde i høg fart gjennom gata, før han høyrde ein høg smell og skrik frå folk som blei trefte.

På videoar i sosiale medium, mellom anna frå ei direktesending frå paraden, kan ein sjå bilen som køyrer gjennom sperringar på staden, rett mot folk.

QsmMLKWZs6I

Politiet melder om fleire døde etter at ein bil køyrde inn i juleparaden.

Foto: Mike De Sisti / AP

Angelito Tenorio, som sjølv hadde delteke i paraden, seier hendinga var kaotisk og frykteleg.

– Heilt i starten skjønte me ikkje om det var ei ulukke eller eit angrep, seier Tenorio til CNN.

– Det siste eg hugsar før eg så bilen, var at korpset spilte musikk. Så høyrde eg motoren, det verka som om han la klampen i botn før han køyrde inn i folkemengda, la Tenorio til.

Han meiner også det var særleg mange deltakarar på paraden i år, fordi ho vart avlyst i fjor.

Mange born deltok i juleparaden

– Fleire personar låg på bakken, fortel Kaylee Staral til CNN, som var vitne til det som skjedde.

Ho seier at det var mange familiar med små born som både deltok og såg på juleparaden.

– Alt skjedde veldig fort, og det var veldig mange som skreik, fortel ho.

Chris Germain, som er deleigar i eit dansestudio der fleire som var med i paraden er medlemmer, blant dei dottera, fortel at han køyrde ved paraden då ein mørkeraud SUV «berre skaut forbi oss».

Ein politibetjent sprang etter bilen, ifølgje Germain.

– Det låg små born over heile vegen, det var politibetjentar og helsepersonell som utførte førstehjelp på fleire frå paraden, seier han.

Stoler som ligger igjen i gatene etter at en bil kjørte inn en juleparade i Waukesha i Wisconsin søndag 21. november 2021

Stolar ligg igjen i gatene etter at bilen køyrde inn folkemengda.

Foto: STRINGER / Reuters

– Det skulle vere ein gledesdag

Ordføraren i byen omtalar det som ein forferdeleg tragedie på det som skulle vere ein gledesdag.

– Eg gjekk sjølv i paraden i starten. Eg såg alle dei lykkelege borna og dei glade foreldra deira. Eg kan framleis sjå dei blide ansikta deira, sa ordførar Shawn Reilly på ein pressekonferanse.

Han la til at det er forferdeleg å tenkje på alle som møtte opp til paraden, som enda opp med skadar og hjartesorg.

– Vi ber for alle dei som har mista nokon av sine kjære, sa Reilly.

Politiet på plass i byen Waukesha etter at en bil kjørte i en parade.

Politiet på plass i byen Waukesha.

Foto: Jeffrey Phelps / AP

SISTE NYTT

Siste nytt