Hopp til innhold

Bil forsøkte å køyre ned barrikadane til Tour de France

Fransk politi skaut mot ein bil som forsøkte å køyre ned barrikadane til Tour de France. Hendinga skjedde i Place de la Concorde, der det vert gjort klart for innspurt.

CYCLING-TOUR/CAR-POLICE French police look for clues after a car drove through barriers set up for the final stage of the Tour de France in Paris

Fransk politi leitar etter spor etter at ein bil forsøkte å køyre ned barrikadane.

Foto: STEPHANE MAHE / Reuters

Hendinga skjedde i 8-tida søndag morgon, like ved målområdet til sykkelrittet. Ifølgje Sky News var det to personar i bilen. Bilen med dei to i seg unna tilsynelatande uskadd bort frå området.

– Politiet skaut mot bilen i det den forsøkte å bryte ned barrikadane i området der innspurten i sykkelrittet skal skje søndag, fortel Luc Poignant, som er talsmann for politiet i området.

Ifølgje radiokanalen RTL krasja bilen i høg fart inn i ein annan bil. Føraren er framleis på frifot og ettersøkt av politiet.

CYCLING-TOUR/CAR-POLICE French police secure the Champs Elysees after a car drove through barriers nearby set up for the final stage of the Tour de France in Paris

Fransk politi sikrar Champs Elysees etter at ein bil køyrde på barrikadane i nærleiken av der Tour de France-ryttarane syklar inn til mål.

Foto: STEPHANE MAHE / Reuters

– Ikkje snakk om terrorisme

– Dette er ei lita hending, og den var ikkje retta mot Tour de France. Det er ikkje snakk om terrorisme. Det er berre snakk om nokon som ikkje følgjer reglane, seier ein representant for politiet til Reuters.

Politiet seier at bilen snudde og køyrde vekk frå staden med det same politiet byrja å skyte.

Seinare i dag skal syklistane i Tour de France kome til Place de la Concorde og Champs-Elysees for den avsluttande delen av sykkelrittet. Hundretusenvis av tilskodarar er venta til området for å sjå siste etappe av verdas største sykkelritt søndag kveld.

  • Høyr innspurten frå klokka 15.30 her.

Ryttarane kjem til den franske hovudstaden søndag ettermiddag, der dei skal ta ti rundar rundt Champs-Elysees før dei avsluttar ved Place de la Concorde.