Minst tre personar er døde etter ei alvorleg trafikkulukke utanfor ein brannstasjon ved Torslanda i Göteborg, ifølgje svenske media.
I tillegg er eit barn i førskulealder livstrugande skadd og to eller tre andre personar alvorleg skadde. Dei er alle frakta frakta til Östra sjukehus, opplyser sjukehuset.
– Bildelane ligg strødde
Politi, ambulansar og brannbilar er på staden og eit større område er sperra av.
– Eg såg eit biltak som flaug opp i lufta, så eg køyrde bort dit og tok med meg brannsløkkingsapparatet. Eg trur det var fira personar inne i bilen, seier vitnet Janne Wolltin til Göteborgs-Posten.
Pressetalskvinne Ulla Brehm i det svenske politiet seier at dei etterforskar saka som eit mogleg lovbrot.
Fleire vitne, blant dei Elin Åkvist, har forklart at ein bil eksploderte på ulukkesstaden.
– Bilen er eit vrak. Det ligg bildelar strødde utover og dei er svarte som kol, seier Åkvist til Aftonbladet.
Det er uvisst kva som er årsaka til eksplosjonen. Politiet undersøkjer bilen og etterforskar om det har skjedd brot på lova om brannfarlege og eksplosive varer.
– Me tek dette på største alvor og jobbar utifrå ein teori om at det har skjedd noko ulovleg, seier pressetalskvinne Ulla Brehm i svensk politi til SVT.
Saka blir oppdatert.