NRK Meny
Normal

Biden vil snakke med Taliban

USAs visepresident Joe Biden meiner det er verd å vurdere å snakke med det han kallar dei moderate kreftene i Taliban.

Joe Biden på talarstolen i NATO-hovudkvarteret i Brussel.

Joe Biden på talarstolen i NATO-hovudkvarteret i Brussel.

Foto: Francois Lenoir / REUTERS

Det var på førehand knytt stor spenning til kva USAs ferske visepresident ville seie om Afghanistan til NATO-ambassadørane i Brussel i dag.

Biden sa også at USA ikkje er i ferd med å vinne krigen i Afghanistan, men at krigen langt frå er tapt.

Moderate krefter

Joe Biden og Jaap de Hoop Scheffer i Brussel 10. mars 2009.

Joe Biden (t.v.) saman med NATOs generalsekretær Jaap de Hoop Scheffer.

Foto: JOHN THYS / AFP

- Eg meiner det er viktig å finne ut om det er krefter i Taliban som er interessert i å vere med å byggje eit stabilt og trygt Afghanistan, sa Biden blant anna i talen sin.

Biden sa også at Afghanistan utgjer ein terror-trussel for alle NATO-land, og han bad alle medlemslanda til å skape ein ny felles strategi for å konfrontere Taliban-opprøreret i landet.

- Den stadig forverra situasjonen i dette området er ein trussel ikkje berre mot USA, men mot alle medlemslanda i NATO, sa han.

Han la til at det er behov for idear og konkret hjelp til å lage ein brei regional plan for Afghanistan og Pakistan, som han håpa kunne vere klar til NATO-toppmøtet i byrjinga av april.

President Barack Obama har gitt ordre til å sende nye 17.000 amerikanske soldatar til Afghanistan, og ein fullstendig gjenomgang av den amerikanske politikken på dette området. Obama vil skifte fokus frå Irak til Afghanistan, fordi han meiner at det er der kampen mot Al Qaida og Talaiban må førast.

NATO-dialog

Kim Traavik er norsk NATO-ambassadør

Kim Traavik er norsk NATO-ambassadør.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

I tur og orden fekk NATO-ambassadørane leggje fram sine tankar om strategiske vegval for Biden, som avslutte med å be alle om å utdjupe innspela sine også skriftleg.

Den norske NATO-ambassadøren Kim Traavik seier til NTB at han ser på Biden sitt utspel var svært positivt.

- Vi reagerte, til liks med dei andre landa, positivt på invitasjonen til å leggje fram meir detaljerte synspunkt. Så får Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet vurdere om dei vil nytte seg av det. Eg ser det som naturleg, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt