Den såkalla filibuster-regelen er ein del av forretningsordenen i Senatet som styrer korleis debattar og avstemmingar skal gå føre seg.
Regelen er omstridd og gjer at debattar kan halast ut i tid for å hindre at saka når fram til avstemming. Regelen seier at det ikkje er mogleg å ta orda frå ein senator som held tale, og at ingen forslag kan takast opp til avstemming før alle på talelista er ferdig med å halde innlegga sine.
Dei fleste lovforslag må ha 60 eller fleire senatorar i ryggen for at debatten skal bli avslutta og avstemming halde. Dagens Senat med 50 stemmer på kvart av dei to partia gjer at begge har høve til å forhale ei avstemming.
Åtvara eige parti
Biden kom med ei kraftig åtvaring til politikarane då han og visepresident Kamala Harris talte ved eit universitet i Georgia måndag kveld.
– Vil vi velje demokrati framfor autokrati, lys over mørke, rettferd framfor urettferd, spurde han retorisk.
Han bad demokratane ta i bruk alle middel for å stanse det han meiner er eit forsøk frå republikanarane på å kneble demokratiet i USA ved å gjere det vanskelegare for vanlege amerikanarar å bruke stemmeretten.
19 delstatar har stramma til
Heile 19 delstatar i USA har dei siste månadene vedteke lover som gjer det vanskelegare å førehandsstemme og stiller strengare krav til veljarar.
Lovene er eit svar på tidlegare president Donald Trumps påstand om at valet i 2020 var prega av valjuks mellom anna fordi mange førehandsstemde.
ÅTVARA: Saman med visepresident Kamala Harris åtvara Biden mot følgjene av dei nye vallovene i mange delstatar.
Foto: Patrick Semansky / APTo lovforslag
Dei næraste dagane skal Senatet i Washington DC stemme over to lovforslag som kan setje ein stoppar for forsøket i delstatane på å gjere det vanskelegare å stemme.
President Biden meiner heile demokratiet i USA er ved eit vegskilje, og at partiet hans, Demokratane, må ta alle middel i bruk for å sørgje for at desse lovene blir vedtekne.
Lovforslag nummer 1:
- Freedom to Vote Act vil setje ein nasjonal standard for gjennomføring av val i USA. Den vil sørgje for at alle kan sende stemma si i posten same kvar dei bur i landet, og den vil gjere valdagen til ein nasjonal fridag.
Alle dei 50 demokratane i Senatet støttar dette lovforslaget. Men ingen republikanarar gjer det. Derfor vil det ikkje bli vedteke med dagens avstemmingsreglar, som gjer det mogleg for opposisjonen å blokkere det med såkalla filibustertaktikk.
Lovforslag nummer 2:
- The John Lewis Voting Rights Advancement Act vil gjere det mogleg for føderale styresmaktene å stanse vallover som kan verke diskriminerande.
Fleire delstatar har det siste året vedteke lover som krev at veljarar må ha bestemde ID-kort for å kunne stemme, noko som gjer førehandsstemming vanskelegare. Mange stemmerettsekspertar meiner slike lover diskriminerer fattige veljarar og minoritetsveljarar.
GIR NAMN TIL LOV: Kongressrepresentanten John R. Lewis som døydde i 2020, kan få namnet sitt på ein lov om stemmerett. I 2011 fekk han fridomsmedaljen av president Barack Obama mellom anna for innsatsen under borgarrettskampen der han kjempa side om side med ikonet Martin Luther King.
Foto: Alex Wong / AFP– Bruk makta de har!
Skal eit av desse forslaga ha sjanse til å bli vedteke, må filibusterreglane bli endra.
Dei siste åra har denne snodige regelen gjort det stadig vanskelegare for det splitta Senatet å vedta nye lover.
I talen sin i Atlanta sa Biden at demokratane må bruke makta si til å endre avstemmingsreglane i akkurat denne saka.
I Senatet kan visepresident Kamala Harris bruke stemma si, slik at demokratane har moglegheit til å få vedteke lover med 51 mot 50 stemmer.
Eit slikt unntak vart vedteke i 2017, og tatt i bruk av republikanarane ved utnemning av nye dommarar i høgsterett. Det gjorde det mogeleg for dei å utpeike Neil Gorsuch og Amy Coney Barrett, skriv USA Today.
Filibuster-rekord
I 1957 talte senator Strom Thurmond frå Sør-Carolina i over 24 timar i eit forsøk på å stanse ei borgarrettslov. Det er ifølgje Encyclopedia Britannica den lengste talen som er halde i Senatet.
FILIBUSTER-REKORD: Strom Thurmond idet han forlét Senatet etter å ha talt i 24 timar og 18 minutt 29. august 1957.
Foto: APThurmond sat som senator i heile 48 år, frå 1954 til 2003. Han var demokrat fram til 1964 då han gjekk over til republikanarane i protest mot demokratane si støtte til borgarrettsrørsla.
LES ÒG: