Hopp til innhold

Biden påbyr munnbind for uvaksinerte statstilsette: – Det handlar om liv og død

I USA må millionar av statstilsette som ikkje er fullvaksinerte, bruke munnbind og teste seg kvar veke. Presidenten fristar uvaksinerte med 100 dollar om dei tar koronavaksinen.

Joe Biden holder opp et svart munnbind på en rpessekonferansen i det hvite hus 29. juli 2021

Joe Biden heldt opp eit svart munnbind då han presenterte det nye pålegget på ein pressekonferanse i Det kvite huset seint torsdag kveld.

Foto: Susan Walsh / AP / NTB

Dei nye krava gjeld for 4 millionar statleg tilsette og innleidde arbeidarar i føderal sektor i heile USA.

Alle vil bli bedne om å oppgi vaksinasjonsstatus. Dei som ikkje er fullvaksinerte, må bruke munnbind på jobb, halde fysisk avstand frå kollegaer og la seg teste ein eller to gonger i veka.

– Det handlar om liv og død

For å overvinne koronaviruset må fleire amerikanarar vaksinere seg, sa Biden på pressekonferansen seint torsdag kveld.

– Gjer det for deg sjølv. Gjer det for dei du er glade i. Gjer det for landet ditt, oppmoda han.

Presidenten sa vidare at han håpar at alle som bur i område med høgt smittetrykk, vil følgje styresmaktene si tilråding om å bruke munnbind.

Tysdag gjekk amerikanske helsestyresmakter ut og rådde til at jamvel fullvaksinerte bør bruke munnbind innandørs på offentleg stad. Grunnen er den auka smittefaren knytt til delta-varianten. Tilrådinga gjeld i område med mykje smitte.

– Det handlar om liv og død, understreka Biden.

Ber private følgje opp

Biden oppfordra private bedrifter og institusjonar til å følgje opp:

– Eg vil oppmode arbeidsgjevarar i heile den private sektoren om å følgje opp denne modellen, sa han.

Den statlege sektoren i USA er den største arbeidsgjevaren i landet med over 2 millionar sivilt tilsette. I tillegg vil kravet ramme ein god del av dei 3,7 millionar som er innleigde på kontrakt i ulike prosjekt.

Få timar etter Biden si tale, gjekk det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon ut og sa at tilsette i forsvaret må rette seg etter die same reglane for munnbindbruk, vaksine og testing som sivile statstilsette i landet. Dei som ikkje vil vaksine seg, må bruke munnbind, halde sosial avstand, gjennomgå testing kvar veke, og få reiserestriksjonar, skriv New York Times.

Det er ikkje klart om det nye pålegget og skal gjelde dei 570.000 tilsette i postverket.

Presidenten varsla og at han vil be forsvarsdepartementet vurdere å føre koronavaksinar opp på lista over vaksinar som er påbode for dei som arbeider i forsvaret.

Lokkar med 100 dollar for vaksine

President Biden bad òg lokale styresmakter om å freiste skeptikarar med ei utbetaling på 100 dollar dersom dei lèt seg vaksinere. Det er sett av pengar til dette i krisepotten på 350 millionar dollar, opplyser finansdepartementet.

Biden varsla og at små og mellomstore bedrifter vil få kompensasjon om dei tilbyr tilsette betalt fri for å sjå til at barn og andre familiemedlemmer får vaksine.

Republikanernes leder i Kongressen, Kevin McCarthy, kritiserte Joe Bidens påbud om munnbind innendørs i føderale bygningen. Han sa at CDC er blitt en forlenget arm av Bidens regjering.

Leiaren for republikanarane i representanthuset, Kevin McCarthy, kritiserte påbodet om munnbind innandørs i føderale bygningar.

Foto: Drew Angerer / AFP / NTB

Republikanarar i munnbindprotest

Rundt 50 republikanske kongressrepresentantar demonstrerte i natt med å gå utan munnbind etter at speaker Nancy Pelosi hadde annonsert at det var påbod om munnbind i Kongressen. Dei gjorde framlegg om å bryte av forhandlingane i Huset, og marsjerte deretter over til Senatet.

Dei var særs forarga over at Pelosi skal ha bede politiet arrestere tilsette og besøkande utan munnbind, skriv Fox News.

På trappene framfor Kongressen samla Kevin McCarthy ei stor gruppe republikanarar i protest mot restriksjonane som dei meiner tar frå folk fridomen.

Tysdag denne veka tilrådde det amerikanske folkehelseinstituttet CDC at jamvel fullvaksinerte bør bruke munnbind innandørs på offentleg stad. Grunnen er smittebølga knytt til delta-varianten. Tilrådinga gjeld i område med mykje smitte.

McCarthy seier at dette viser at CDC har vorte ein forlenga arm av Biden si regjering.

Ein politimann med munnbind står ved sidan av eit skilt som fortel om påbodet om å bere munnbind i Kongress-bygninga.

Ein politimann med munnbind står ved sidan av eit skilt som fortel om påbodet om å bere munnbind i innandørs i Kongress-bygninga.

Foto: Jacquelyn Martin / AP / NTB

Støtte frå tilsette

Den største organisasjonen for statstilsette med 150.000 medlemmer i 34 departement og direktorat, har sagt at dei støtter vaksinasjonsprogrammet. Dei oppfordrar arbeidsgjevarane til å gje tilsette fri med løn for å bli vaksinerte og betalt fråvær dersom dei får biverknader av vaksinen.

Fleire andre fagforeiningar gir og si støtte:

– Vi vil ikkje at fleire tilsette skal døy, seier Paul Shearon i fagforeininga for teknisk tilsette som mellom anna organiserer 30.000 tilsette i romfartsorganisasjonen Nasa.

Fryktar deltavarianten

Tiltaka kjem fordi Biden-regjeringa ser at ein ekstra innsats er naudsynt for å hindre at deltavarianten av koronaviruset skal gjere innhogg i den store, uvaksinerte delen av befolkninga.

Allereie måndag denne veka gjekk leiinga i direktoratet for veteranar, som det første direktoratet, ut og sa at dei krev at alt helsepersonell må vaksinerast.

Torsdag varsla Google at dei vil vente til oktober med å opne kontora sine for tilsette som har hatt heimekontor det siste året. Selskapet som har 130.000 tilsette vil samstundes gradvis innføre eit krav om at alle tilsette i over 40 land må vere vaksinerte for å kunne møte opp fysisk på arbeidsplassen.

Facebook varsla like etter at også dei innfører eit liknande krav til sine tilsette i USA. Både Google- og Facebook-tilsette har jobba heimanfrå sidan første halvår i fjor.

I New York kravde styresmaktene onsdag at alle som jobbar i offentleg sektor på delstatsnivå, må vaksinere seg innan Labor Day 6. september, ifølgje guvernør Andrew Cuomo.

Tidlegare har California og byen New York innført obligatorisk vaksinering for alle som jobbar i offentleg sektor. I California gjeld pålegget og for tilsette i privat sektor.

CDC: Vaksinerte spreier delta

CDC melde i natt at ny forsking tyder på at vaksinerte kan vere like smittsame som uvaksinerte, og at dei kan overføre delta-smitte til andre vaksinerte.

CDC viser til upubliserte data og studiar som konkluderer med at vaksinerte som er smitta med deltavarianten, kan overføre covid-19 like lett som uvaksinerte, skriv Washington Post. CDC meiner at mykje tyder på at deltavarianten er like smittsam som vasskoppar.

Vaksinerte som er smitta med deltavarianten, har svært store mengder virus i nase og svelg, opplyser CDC til New York Times.

Les òg: USA frykter de ikke når flokkimmunitet: – Jeg er ikke redd for viruset, jeg er redd for sprøyta

SISTE NYTT

Siste nytt