Hopp til innhold

- Det kjem til å gå bra

Dagen før USAs offisielle, militære tilbaketrekking frå Irak, er den amerikanske visepresidenten på plass i hovudstaden Bagdad.

Joe Biden i Irak

USAs visepresident (t.v.) blei teken imot av General Ray Odierno då han kom til Bagdad, Irak på måndag.

Foto: Hadi Mizban / Ap

Den amerikanske visepresidenten, Joe Biden kom måndag til Irak på ein overraskande visitt.

Føremålet med reisa er å forsikra irakarane om at USA ikkje vil la Irak i stikken sjølv om amerikanske kampstyrkar no blir trekte ut av landet i hopetal, opplyser AFP.

– Det kjem til å gå bra med oss, og det kjem til å gå bra med dei, svarte Biden på spørsmål om korleis sikkerheita i landet skal tryggast etter at amerikanarane har dratt.

Sju års krigføring

Tysdag 31. august avsluttar USA sitt kampoppdrag i Irak.

Den sju år lange krigføringa, kjent som «Operation Iraqi Freedom» i Irak har kravd 4.400 amerikanske soldatliv og kosta amerikanske skattebetalarar over 1.000 milliardar dollar.

Oppdraget, som blei starta av George W. Bush medan han sat i presidentstolen, har hausta mykje kritikk.

For litt over ei veke sidan innfridde den amerikanske presidenten, Barack Obama sitt løfte om at dei siste kampstyrkane skal trekkjast ut av Irak seinast innan utgangen av august 2010.

– For raskt

No er skepsisen retta mot det nye oppdraget, «Operation New Dawn», der amerikanske soldatar vil fokusera på opptrening av irakiske sikkerheitsstyrkar.

Kritikken går på at amerikanske styresmakter trekkjer seg for raskt ut av landet.

– Visepresidenten sitt besøk på dette kritiske tidspunktet skal underbygge USAs langtidsforplikting overfor Irak, heiter det i ei kunngjering frå Det kvite hus i Washington DC.

Valden aukar

Irak har framleis ikkje klart å få på plass ei regjering sidan valet blei avslutta den 7.mars i år.

Tilbaketrekkinga av soldatane har skjedd samstundes med ei bølgje av bilbomber og skyteepisodar, som har hatt dei irakiske styrkane som mål, skriv NTB.

I gjennomsnitt har tre hundre personar vorte drepne kvar månad hittil i år. Juli vart den dødelegaste månaden sidan mai 2008, melder AFP.

Visepresident Biden skal i løpet av sitt opphald i Irak møte irakiske leiarar for å drøfta det politiske vakuumet som oppstod for nesten seks månadar sidan.

Obama held tale

I underkant av 50.000 amerikanske soldatar befinner seg no i landet. Det er det lågaste talet sidan invasjonen i 2003,.

I morgon skal president Obama halda ein symbolsk tale som markerer slutten på den amerikanske militæroperasjonen i Irak.

SISTE NYTT

Siste nytt