Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.
Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.
Seremonien ved det nasjonale minnebassenget mellom Washington-monumentet og Lincoln Memorial tysdag kveld starta med at sjukepleiaren Lori Marie Key frå Michigan song den klassiske engelske salmen «Amazing Grace». Deretter heldt Biden ein kort tale.
– For å lækjast, må vi hugse. Det er tungt å minnast. Men det er sånn vi blir lækte. Det er viktig å gjere det som nasjon. Frå solnedgang til skumringa, la eit lys skine over mørket medan vi minnest alle vi har mista, sa Biden.
Biden og Haris med ektefellar lyttar til framføringa av «Amazing Grace».
Foto: Evan Vucci / AP / NTBDeretter stilte han, kona Jill, visepresident Kamala Harris og hennar ektemann Doug Emhoff seg mot bassenget, medan Leonard Cohens song «Hallelujah» blei sunge.
Etter seremonien drog Biden-paret til Blair House, der dei skal overnatte før onsdagens eidsavlegging framfor Kongressen. I nabohuset, Det kvite hus, søv avtroppande president Donald Trump si siste natt i Washington før han i morgon reiser til Florida, utan å ønske Biden velkommen, slik tradisjonen er.
LES OG: