Biden klaga over menneskerettsbrot då han ringde Kinas president

I den første telefonsamtalen mellom dei to presidentane hadde Biden ei lang liste over ting han var misnøgd med. Kina bad han halde seg unna Taiwan, Hongkong og Xinjiang.

Joe Biden og Xi Jinping i 2013

RINGDE XI: Som visepresident helste Joe Biden på Kinas president Xi Jinping i Folkets Store Sal i Beijing i 2013.

Foto: Lintao Zhang / AP

Biden tok mellom anna opp uroa si over korleis Kina behandlar den muslimske uigur-minoriteten i Xinjiang, opplyser Det kvite hus i eit referat av samtalen.

Biden uttrykte òg amerikansk bekymring for menneskerettar og behandlinga av demokratiaktivistar i Hongkong, og for pressa som Kina legg på Taiwan gjennom truande åtferd i Sør-Kina-havet.

Økonomi og handelssamkvemmet mellom dei to landa var og eit tema. Tonen der har vore prega av fleire års handelskrig under tidlegare president Trump.

Kina avviste innblanding i fleire saker

President Xi sa i samtalen at han håpte at sambandet mellom dei to landa kan bli utvikla i positiv retning under Biden, skriv den kinesiske avisa Global Times.

– Sjølv om landa har ulike syn på visse saker, er nøkkelen gjensidig respekt og likebehandling, sa Xi.

Han trekte fram Taiwan, Hongkong og Xinjiang som døme på saker der han fråbad seg innblanding.

– USA bør respektere kjerneinteressene til Kina og handsame dei med audmjukskap, sa Xi.

Biden og Xi er «gamle kjente»

Ifølgje avisa kjenner dei to presidentane kvarandre godt frå tidlegare, sidan dei var visepresidentar på same tid og har møttest ved fleire høve tidlegare.

President Xi og president Biden møttest i Washington i 2015.

President Xi og president Biden møttest i Washington i 2015.

Foto: PAUL J. RICHARDS / AFP / NTB

Avisa skriv at i dei fire åra som Donald Trump var president, var det kinesisk-amerikanske sambandet på det lågaste punktet sidan diplomatiske samband blei etablert.

– Sterk motstand frå konservative krefter i USA, som ønsker konfrontasjonar mellom landa, kan hindre at landa kan reparere forholdet, åtvarar avisa.

Samtalen skjedde på den kinesiske nyttårsaftanen, og Biden gratulere det kinesiske folket med det nye året.

SISTE NYTT

Siste nytt

Se Bidens klimamøte: Ber verdenslederne ta grep

USAs president Joe Biden ber verdenssamfunnet ta større grep for å bekjempe klimaendringene. – Vi har virkelig ikke noe valg. Vi må få dette gjort, sier han.