Hopp til innhold

Biden fordømmer ny utbygging

USAs visepresident Joe Biden, som er på offisielt besøk i Israel, fordømmer avgjerda om å byggje 1600 nye bustader i Aust-Jerusalem.

Joe Biden vitja ein krigskyrkjegard i Jerusalem.

Joe Biden reagerer sterkt på den israelske avgjerda om å byggje 1600 nye bustader i ei omstridd busetjing.

Foto: Ariel Schalit / Scanpix/Reuters

- Eg fordømmer avgjerda til den israelske regjeringa om å byggje 1600 nye bustader på eit område av Vestbreidda, som Israel har anektert som ein del av Jerusalem. Både innhadet i avgjerda, og tidspunktet det blir offentleggjort på, er eit typisk eksempel på handlingar som øydelegg den tilliten vi treng no, heiter det i ei skriftleg fråsegn frå Joe Biden.

LES OGSÅ: Israel tviler på USA-engasjement

Mahmoud Abbas

Mahmoud Abbas reagerer sterkt på den israelske avgjerda om byggging av 1600 nye bustader.

Foto: A. Momani / Scanpix/AFP

Han meiner det er ekstra alvorleg at planane blir offentleggjorde medan USA prøver å få Israel og palestinarane med på nye fredsforhandlingar.

Den palestinske presidenten, Mahmoud Abbas, har reagert sterkt på dei israelske planane. I ein telefonsamtale med presidenten i Den arabiske liga, Amr Moussa, bad han medlemslanda om å setje i verk «raske politiske tiltak» som ein reaksjon på det han kallar «dei aukande israelske provokasjonane».

Den palestinske sjefsforhandlaren Saen Erekat sa i ein kommentar tidlegare i dag at Israel alltid kjem med slike utspel når USA prøver å få i gang igjen fredsforhandlingane. Erekat tolkar det som om Israel ikkje er seriøst interessert i slike forhandlingar.

LES OGSÅ: - Dette skjer kvar gong USA går inn i fredsforhandlingane

Biden reiser til Ramallah på Vestbreidda i morgon for å ha samtalar med palestinske leiarar. Målet hans er å få i gang igjen dei fastlåste forhandlingane mellom Israel og palestinarane, men politiske observatørar meiner han har liten sjanse til å lukkast.

Ein ultraortodoks jødisk mann fotografert i busetjinga Ramat Sholmo.

Ein ultraortodoks jødisk mann fotografert i busetjinga Ramat Sholmo.

Foto: Tara Todras-Whitehill / Scanpix/AP

SISTE NYTT

Siste nytt