Hopp til innhold

Biden: "This is a big fucking deal"

Visepresident i USA Joe Biden var så opprømt etter underteikninga av helsereformen at han valgte å banne i øyret på Obama.

Video Biden bannet til Obama

President Barack Obama og visepresident Joe Biden under signeringa i dag.

Visepresident Joe Biden var tydeleg letta då president Barack Obama skulle sette namnetrekket sitt på den omstridde helsereformen.

Les: Her skriv Obama historie

Les også: Dette er Obamas helsereform

Han omfamna Obama sin og sa i øyret på sjefen sin: "This is a big fucking deal".

Ingen "small deal"

Å banne i USA er ingen "small deal". Det var neppe meininga at nokon andre enn Obama skulle høyre bannskapen, men gode mikrofonar klarte å fange det opp.

Det er ikkje første gong at Biden tabbar seg ut.

Lausmunna Biden

Då Obama vart valgt til president, var amerikanske kommentatorar raskt ute å annonserte at dei trudde Biden ikkje kom til å halde seg i skinnet lenge.

Biden har tidlegare sagt sagt at Hillary Clinton hadde vore eit betre val som demokratisk visepresident enn han sjølv.

Biden har også sagt at Obama fort ville hamne i ei utanrikspolitisk krise om han vart president.

Tull med tal

Ein annan gong hevda han at president Franklin D. Roosevelt talte direkte til det amerikanske folk på TV under børskrakket i 1929. TV-sendingane var ikkje kome skikkeleg i gang på denne tida. Dessutan vart ikkje Roosevelt president før i 1932.

Biden har også lovd skattelette til alle som tente mindre enn 150.000 dollar per år. Det vart ein god del forvirring rundt dette, sidan Obama hadde lovd skattelette til dei som hadde tent mindre enn 250.000 dollar.

SISTE NYTT

Siste nytt