Hopp til innhold

Bever drap mann i Kviterussland

Fiskaren ville ta eit bilete saman med beveren. Men beveren hadde andre planar, og svarte med å angripe mannen med knivskarpe tenner.

Bever i Hviterussland

Fiskaren møtte på den lite gjestfrie beveren i nærleiken av denne dammen 50 kilometer nord-vest for Minsk i Kviterussland.

Foto: Sergei Grits / Ap

Den 60 år gamle fiskaren køyrde saman med ein kamerat til ein innsjø vest for hovudstaden Minsk i Kviterussland, når han fekk auge på ein bever som sto i vegkanten. Han stoppa bilen for å bli avbilda saman med dyret.

Bever

Det er sjeldan at beveren angrip menneske, men den kan bli aggressiv dersom han ikkje får leve i fred.

Foto: Arve Henriksen / NRK

Då han forsøkte å ta tak i beveren, vart han biten fleire gonger. Eitt av bitta kutta av ein stor arterie i foten, noko som førte til massivt blodtap. Vennen hans klarte ikkje stoppe blødinga, og han vart erklært død då han hamna på sjukehuset.

– Sjokkerande

Dette var det mest alvorlege av ei rekkje beverangrep i landet den siste tida. Dyra har blitt meir aggressive ved møte med menneske, etter å ha vandra nær hus, butikkar og skular.

– Skadane til 60-åringen var heilt sjokkerande for oss som er helsepersonell. Me har aldri vore borti noko slikt før, fortel landsbylegen Leonty Sulim til nyheitsbyrået AP.

Mannen er den einaste personen som har blitt drepen av ein bever i Kviterussland.

Tidlegare har beverane vore eit populært jaktbytte i Europa, noko som gjorde bestanden utryddingstruga. Men etter forbod eller restriksjonar på jakt har beverane gjort eit «comeback».

Oppfordrar til jakt

Berre i Kviterussland har beverpopulasjonen tredobla seg i løpet av det siste tiåret. No er det ifølgje ekspartar rundt 80,000 beverar i landet. Dette har ført til at beverar oppsøker område der det bur folk, og skapar fleire konfliktar.

Landbruksdepartementet i Kviterussland oppfordrar folk til å jakte på beveren, etter at den har forårsaka større skader på skog og gardar. Men sidan beveren er eit lett bytte å få auge på nær demningar, så er det ikkje eit høgstatusbytte i jegermiljøa.

– Å jakte bever er meir som ein jobb, seier talsmann Alexander Kozorez i landbruksdepartementet.

Beveren kan vege opp til 30 kilo og måle éin meter når dei står oppreist. I Norge lever beveren blant anna i vassdrag i Agder og i Telemark.

Naturfotograf Arve Henriksen har filmet en bever som gnager på kvister og feller et tre.

Sjå video: Naturfotograf Arve Henriksen har filma ein bever som gnagar på kvister og fell et tre.

SISTE NYTT

Siste nytt