Fransk-colombianske Ingrid Betancourt vart halden som gissel av FARC-geriljaen i seks år. Opphaldet som fange i jungelen har sett varige spor, seier ho, men no er ho først og fremst glad for at fredsprisen går til Juan Manuel Santos.
I eit intervju med det franske kringkastingsselskapet iTele seier ho at det no ikkje er nokon annan veg tilbake enn fred. På spørsmål om også FARC burde fått prisen saman med Santos, svarar 54-åringen litt nølande:
Ingrid Betancourt vart halden som gissel av FARC-geriljaen i seks år.
Foto: PEDRO ARMESTRE / AFP– Ja. Det er vanskeleg for meg å seie ja, men eg synest det.
– Santos kjempa åleine
Ho legg til: – Fredsprisen er ein rettferdig honnør til Santos. Eigentleg har han kjempa åleine for å oppnå dette resultatet. Han har endra historia. Han har gitt neste generasjon sjansen til å leve i eit endra land. Det er ein stor dag for Colombia.
Etter fem tiår med krig og konflikt mellom FARC og regjeringsstyrkane signerte president Juan Manuel Santons fredsavtalen med den venstreorienterte geriljaorganisasjonen sist månad.
Ei folkerøysting sist søndag gav likevel eit knapt nei til fredsavtalen. Ein del ekspertar meiner at fredsprisen kjem for tidleg, men Betancourt er ikkje samd i dette.
NRK har nyleg møtt Betancourt. Dette skjedde før ho visste at fredsprisen gjekk til Santos. Her fortalde blant anna om korleis det var å vere gissel i så mange år.
VIDEO: Sjå intervjuet med Ingrid Betancourt
– Den tunge vekta av smerte
– Det er minne som for alltid blir i kroppen, og når eg ser på barna mine kjenner eg av og til den tunge vekta av smerte.
– Har du ikkje behov for å konfrontere somme av dei som nå går frå geriljaliv til å bli menn med sivile maktposisjonar?
– Nei, konfrontasjon var det eg dreiv på meg i jungelen. Heile tida. Nå treng vi ikkje meir konfrontasjon, vi treng fred – og vi treng å puste ut etter alle desse år med krig.
Ho har lese fredsavtalen nøye og meiner det er viktig å godta at alt ikkje kan bli perfekt i første omgang, men at dette er vegen å gå. To tidlegare presidentar har kritisert avtalen, og særleg ordningar med ein særskilt straffedomstol.
– Dei er misunnelege, det er nå ein gong slik at begge dei to mislykkast, medan president Santos vil få namnet i historiebøkene for å ha arbeidd fram fred.
– Vil aldri bli rettferd
– Kjennest det rettferdig at mange vil sleppe fengsel og heller få samfunnsteneste, blir det ikkje for mykje straffefritak?
Ingrid Betancourt ristar på hovudet:
– For meg vil det aldri bli rettferd. Det som har skjedd har skjedd. Nå må vi finne ein veg vidare. Og FARC-leiarane må stille opp framfor denne straffedomstolen og svare for det dei har gjort.
– Mange vil sikkert ønske hard straff, men vi må hugse at dette er ein gjeng som framleis kan gjere mykje ille om vi ikkje får til eit samarbeid. Nå har dei lagt ned våpena av fri vilje og er villige til å svare for seg i ein domstol. Det er ein sjanse vi må gripe.
Etter seks år som fange hos FARC i den colombianske jungelen fekk Ingrid Betancourt igjen møte borna sine, Melania og Lorenzo.
Foto: Ricardo Mazalan / AP