Hopp til innhold

Bestmor vart sjølvmordsbombar

Ei 57 år gammal bestemor sprengde seg sjølv i lufta like ved ei gruppe israelske soldatar på Gazastripa i ettermiddag.

Ei 57 år gammal kvinne sprengde seg sjølv i lufta på Gazastripa.
Foto: Hamas / AP

Minst sju palestinarar er drepne i ulike angrep på Gazastripa i dag. Kvinna var den einaste som miste livet i sjølvmordsaksjonen. Tre israelske soldatar vart lettare skadde.

Den islamistiske organisasjonen Hamas, som leier den palestinske regjeringa, har teke på seg ansvaret for angrepet.

Kvinna heiter Fatima al-Nejar, og ho hadde 41 barnebarn.

Ho er den eldste palestinaren som hittil har gjennomført eit sjølvmordsangrep. Ho skal ha vore aktivist i Hamas.

Dette er først gong den væpna greina av Hamas, Ezzedine al-Qassam-brigadane, har teke på seg ansvaret for ein sjølvmordsaksjon sidan januar 2005

Rasande palestinarar ber med seg liket av ein kamerat som er drepen av israelske soldatar.
Foto: KHALIL HAMRA / AP

Rakettangrep

Tre medlemer av ei militant gruppe vart drepne då eit israelsk militærhelikopter skaut minst ein rakett mot ein bil nord på Gazastripa i ettermiddag.

Israelsk stridsvogn i posisjon like ved grensa til Gazastripa.
Foto: AMIR COHEN / REUTERS

Dei tre som vart drepne i helikopterangrepet  Gaza by var medlemer av Folkets Motstandskomitear, ei av gruppene som har teke på seg ansvaret for bortføringa av ein israelsk soldat i juni i år.

Bilen deira vart treft av den israelske raketten då han køyrde på ein veg i Beit Lahiya.

To andre palestinarar vart drepne i kampar med israelske soldatar i dag tidleg.

Offensiv held fram

Tryggingskabinettet i den israelske regjeringa avgjorde i går at offensiven på Gazastripa skal halde fram. Målet er å stanse palestinske rakettangrep mot Israel, men dette ser ut til å vere ei nærmast umogleg oppgåve.

Også i dag vart det skote rakettar mot den israelske grensebyen Sderot, men denne gongen gjorde dei berre materiell skade. Tidlegare denne veka vart ein mann drepen då han vart treft av ein rakett i eit industriområdet utanfor byen.

To menneske er drepne i Sdrot i løpet av den siste veka, og fleire andre er skadde.

Utanriksminister Tzipi Livni besøkte i dag Sderot saman med utanlandske diplomatar for å sjå på forholda for innbyggjarane i grensebyen.

 

Israelsk utanriksminister Tzipi Livni på besøk i grensebyen Sderot.
Foto: MOSHE MILNER / AP

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt