NRK Meny
Normal

Berre eitt håp igjen for Asia Bibi

Etter at ein høgare domstol i den pakistanske storbyen Lahore nyleg stadfesta dødsdommen mot blasfemidømde Asia Bibi, står berre eitt håp igjen for den kristne trebarnsmora.

Mannen og to av døtrene til Asia Bibi.

Mannen til Asia Bibi, Ashiq Masih, saman med to av døtrene deira. Dei har enno ikkje gitt opp håpet om at ho ektefellen og mora kan setjast fri.

Foto: Arif Ali / Afp

Advokaten hennar, Saiful Malook, leverte tidlegare denne veka inn ein anke til Pakistans høgsterett. Skulle denne domstolen også stadfeste dommen, er truleg alt håpe ute for Asia Bibi.

Saiful Malook seier at dommen mot henne er full av feil og manglar, og at det har vore tukla med bevismateriale. Han avviser at ho nokon gong har gjort seg skuldig i blasfemi.

I fengsel sidan 2009

Asia Bibi

Asia Bibi har vore i fengsel sidan juni 2009 og på dødscelle sidan november 2010.

Foto: AP

Dødsdommen mot Asia Bibi fall i november 2010, men skuldingane mot henne vart sette fram alt i juni 2009, og ho har vore i fengsel sidan.

Det heile starta medan ho jobba saman med ei gruppe andre kvinner på ein fruktgard i landsbyen der ho budde utanfor Lahore, og ho fekk i oppgåve å hente vatn til seg og dei ho arbeidde saman med.

Dei fleste kvinnene var muslimar. Nokre av dei skal ha nekta å drikke av vatnet, fordi Asia Bibi, som er kristen, hadde henta det. Dermed var det ureint, meinte dei. Det kom til ein krangel mellom kvinnene, og det enda med at dei andre gjekk til ein lokal imam og sa at Bibi hadde vanæra profeten, Muhammed.

Banka opp av rasande mobb

Imamen gjekk vidare til politiet, og politiet gjekk til aksjon for å arrestere henne. Før arrestasjonen prøvde ein rasande mobb å drepe henne, og ho var sterkt forslått då politiet tok hand om henne.

I november 2010, fire år sidan i desse dagar, vart Asia Bibi dømd til døden. Dommen var berre basert på vitnemåla til ein del av kvinnene ho arbeidde saman med.

Ektemannen til Asia Bibi, Ashiq Masih.

Ashiq Masih har skrive brev til presidenten med bønn om at kona hans skal bli benåda.

Foto: Arif Ali / Afp

Det såg ei stund ut til at ho kunne bli benåda, men dette sette sinna i kok i den pakistanske storbyen. Det var store demonstrasjonar mot å benåde hennar, og i demonstrasjonar i slutten av november 2010 vart det trua med «jihad», eller «heilag krig», om den kristne kvinne vart sett fri.

Den viktigaste sunnimuslimske alliansen i landet har åtvara presidenten mot å oppheve dødsdommen.

Støttespelarar drepne

To pakistanske politikarar som har støtta Asia Bibi offentleg ved å be om nåde for henne, har seinare vorte drepne. Ein av dei var den tidlegare ministeren for minoritetar, Shahbaz Bhatti, som skal ha vorte drepen av pakistansk Taliban.

Den andre var den tidlegare guvernøren i Punjab-provinsen, Salman Taseer. Han vart skoten og drepen av si eiga livvakt etter at han offentleg kritiserte den strenge pakistanske blasfemilova.

LES OGSÅ: Kristen firebarnsmor dømd til døden for blasfemi

LES OGSÅ: Frammarsj for muslimsk ekstremisme

Det er rundt 5,5 millionar kristne i Pakistan, noko som utgjer cirka tre prosent av det totale innbyggjartalet på 177 millionar. Dei resterande 97 prosent er i all hovudsak muslimar.

Amnesty International og fleire andre humanitære organisasjonar, pluss mange kristne organisasjonar, har engasjert seg i saka til Asia Bibi, utan å ha greidd å påverke pakistanske styresmakter.

Salman Taseer og Asia Bibi

Asia Bibi i fengselet saman med guvernøren i Punjab, Salman Taseer, som seinare vart drepen for sin kritikk av blasfemilovene.

Foto: HO / Afp

– Brot på menneskerettar

Amnesty International meiner at dommen mot den kristne pakistanske kvinna er eit klart brot på tre av artiklane i FNs menneskerettserklæring.

  • Artikkel 3: Alle har rett til liv, fridom og personleg tryggleik.
  • Artikkel 7: Alle er like for lova og har utan diskriminering rett til same vern av lova. Alle har krav på same vern mot diskriminering i strid med denne erklæringa og mot alle oppmodingar til slik diskriminering.
  • Artikkel 10: Alle har krav på under full likestilling å få saka si rettferdig og offentleg behandla av ein uavhengig og upartisk domstol nå rettane og pliktene til ein person skal fastsetjast, og når ei skulding mot personen skal avgjerast.

Amnesty International har ein aksjon til støtte for Asia Bibi gåande, og her kan alle delta i ei underskriftskampanje for at ho skal setjast fri.

Ektemann ber om benåding

Ektemannen til Asia Bibi, Ashiq Masih, publiserte 17. november eit ope brev til Pakistans president Mamnoon Hussein, der han bad om at kona skulle setjast fri og få utreiseløyve til Frankrike.

– Vi er overtydde om at den einaste måten Asia kan bli berga på, er at presidenten benådar henne. Ingen fortener døde på grunn av eit glas med vatn, skriv ektemannen blant anna i brevet. Brevet vart publisert i New York Times.

Borgarmeisteren i Paris, Anne Hidalgo, har sagt at ekteparet og dei tre borna deira er velkomne til å busetje seg i den franske hovudstaden.

Ingen har vorte avretta for blasfemi i Pakistan, og sidan 2008 har landet etterlevd eit moratorium om at ingen sivile skal avrettast.

LES OGSÅ: Frammarsj for muslimsk ekstremisme

LES OGSÅ: Lovar heilag krig om dødsdømd kristen kvinne blir benåda

Døtrene til den dødsdømte Asia Bibi

Døtrene til den dødsdømde kvinna med eit bilete av mora i 2010.

Foto: ADREES LATIF / Reuters

Slo i hel ektepar

På grunn av folkeleg motstand er det svært vanskeleg for politikarane i Pakistan å gjere noko med dei svært strenge blasfemilovene i landet. Skuldingar om blasfemi har i fleire tilfelle ført til lynsjing utan at det er lagt fram bevis.

Ein påstand om at ein person har fornærma islam eller profeten, kan vere nok til å bli drepen utan lov og dom.

Tidlegare i år slo ein rasande mobb på ein mursteinsfabrikk i Punjab i hel eit kristent ektepar etter å ha skulda dei for å ha fornærma Koranen . Deretter kasta dei paret i ein av omnane på fabrikken.

LES OGSÅ: Kvinne dømt til døden for blasfemi

LES OGSÅ: Barbari og demokrati i Pakistan

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt