NRK Meny
Normal

Berlusconi trivst godt på eldreinstitusjonen

Italias tidlegare statsminister Silvio Berlusconi (78) stortrivst som medhjelpar på ein institusjon for eldre og handikappa nær heimbyen Milano.

Silvio Berlusconi i fjernsynsprogrammet Porta a Porta.

Silvio Berlusconi er godt nøgd med første dag på eldreinstitusjonen. Her er han med på eit fjernsynsprogram på RAI sist torsdag.

Foto: REMO CASILLI / Reuters

– Dette er ikkje noko offer for meg, det er ei sann glede å hjelpe til her. Eg vil truleg opphalde meg her ein heil dag kvar veke, lenger enn eg må, seier Berlusconi til det italienske nyheitsbyrået Ansa .

Den omstridde eksstatsministeren hadde sin første arbeidsdag på eldresenteret i dag, etter at han sist veke vart dømd til samfunnsstraff i ti månader.

Straff for skattejuks

Inngangspartiet til Fondazione Sacra Famiglia.

Inngangspartiet til institusjonen Fondazione Sacra Famiglia utanfor Milano, der Silvio Berlusconi skal arbeide fire timar kvar veke

Foto: OLIVIER MORIN / Afp

Han må jobbe minst fire timar kvar veke på institusjonen Fondazione Sacra Famiglia, ein institusjon for eldre og handikappa, som straff for skattejuks. Institusjonen, som har 2000 pasientar og ligg sørvest for Milano, blir driven av den katolske kyrkja.

Dommen gjer også at han må halde seg heime om natta. Dersom han vil reise frå heimen sin i Milano til å drive politisk arbeid i hovudstaden Roma, kan det skje berre mellom tysdag og torsdag. Det er også teke beslag i passet hans, slik at han ikkje kan forlate Italia.

– Enorme restriksjonar

Sjølv om Berlusconi let godt om den første dagen sin på eldresenteret, så er han også klar på at dommen han fekk sist veke har ført til «enorme restriksjonar» på den personlege fridomen hans.

LES OGSÅ: Eldre vil ikke pleies av Berlusconi

LES OGSÅ: Berlusconi ilagt samfunnstjeneste

LES OGSÅ: Berlusconi klar for å gifte seg igjen

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt