NRK Meny
Normal

Berlusconi til sjukehus - krev Rubygate-rettssaka utsett

Silvio Berlusconi kunne ikkje møte i retten i dag fordi han måtte til sjukehus for å få behandling for ein auge-infeksjon. Rettssaka er førebels utsett til måndag.

Silvio Berlusconi har problem med eit auge.

Silvio Berlusconi har hatt problem med auga også tidlegare. Her på eit EU-toppmøte i Brussel i oktober 2011.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

Det var venta at aktoratet skulle leggje fram sin prosedyre i den såkalla Rubygate-saka, der han er tiltalt for å hatt seksuell omgang med ei mindreåriig jente. No er altså saka utsett til måndag, sjølv om Berlusconi sine forsvararar bad om ei heil vekes utsetjing.

Auge-infeksjon

Karima El Mahroug

Dette er Ruby, eller Karima El Mahroug, som er det rette namnet hennar.

Foto: Ronald Zak / Ap

Advokatane til den tidlegare statsministeren seier at han lir av uveitis eller iridocyclitis, som er ein irritasjon og opphovning av uvea, det midtre laget i auget. Den personlege legen hans seier at han treng minst sju dagar med kvile utan å bli eksponert for lys.

Han er no innlagt ved San Raffaele-sjukehuset i Milano.

Aktor Ilda Boccassini bad dommarane om å avvise Berlusconis krav om utsetjing.

– Det har vore ein kraftig auka i slike medisinske attestar den siste tida, sa han blant anna i innlegget sitt.

- Politisk heksejakt

Berlusconi og advokatane hans skuldar domstolane for å drive ei politisk heksejakt på mediemogulen og eks-statsministeren.

I går vart Berlusconi dømd til fengsel i eitt år for å ha publisert utskrifter av ei hemmelegstempla politiavlytting i ei avis han eig. I ei anna sak om skattenusk opprettheldt ein ankedomstol at forholdet var forelda.

Berlusconi blir neppe kasta i fengsel for dette. Det er svært sjeldan at italienarar over 75 år må sone i fengsel når dei har fått straffer under to års fengsel. Eks-statsministeren og milliardæren er 76 år.

«Bunga bunga-fest»

I Rubygate-saka er Berlusconi skulda for å ha betalt ei 17 år gammal marokkanskfødd jente for sex under ein såkalla «bunga bunga-fest» i villaen hans i 2010. Han er også tiltalt for å ha brukt posisjonen sin for å få henne ut av ein politistasjon, etter at ho vart arrestert for tjuveri.

I Italia er det ikkje lov å kjøpe seksuelle tenester av personar under 18 år.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt