Hopp til innhold

– Lag revolusjon om eg blir sett i fengsel

Italias eksstatsminister Silvio Berlusconi (78) oppmoda torsdag tilhengjarane sine om å lage revolusjon, om han skulle bli sett i fengsel. Nyleg vart han også frådømt politikarpensjonen sin.

Silvio Berlusconi i desember 2013.

Silvio Berlusconi kjenner seg utsett for overgrep, og han ber tilhengjarane lage revolusjon om han blir sett i fengsel.

Foto: Alessandra Tarantino / Ap

– Eg risikerer ikkje noko anna enn å bli putta i fengsel. Om det skjer, Gud, då håpar eg at de lagar ein liten revolusjon, sa Berlusconi til dei trufaste tilhengjarane sine i partiet Forza Italia i dag, ifølgje det italienske nyheitsbyrået Ansa.

Berlusconi er involvert i fleire rettslege prosessar, og fleire av sakene han er tiltalte i kan ende med fengselsstraff.

Neppe i fengsel

Karima el-Mahroug

Karima el-Mahroug, kjend under namnet Ruby, stod sentralt i den såkalla Rubygate-saka.

Foto: STRINGER / Reuters

No er det likevel få som trur at den 78 år gamle eksstatsministeren skal ende opp på vatn og brød, først og fremst på grunn av hans høge alder. Ankeprosessane i dei ulike sakene vil truleg drage så langt ut i tid at han vil vere 80 år gammal før det blir snakk om fengselsstraff, og det er sjeldan at menneske over 80 år blir fengsla i Italia.

Tidlegare har Silvio Berlusconi trua med å flytte utanlands, men i dag sa han at dette likevel ikkje er aktuelt.

Så seint som sist veke vart eksstatsministeren og milliardæren funnen skuldig i korrupsjon ved å betale ein tidlegare senator for å skifte meining, men han har anka dommen. Han er tidlegare frifunnen for å ha hatt sex med ei ungjente i den såkalla Rubygate-saka, fordi han ikkje visste at jenta var under 18 år.

– Hadde ikkje skjedd om Berlusconi var homoseksuell

– Visste ikkje

Det er ikkje ulovleg med prostitusjon i Italia, men det er forbode å kjøpe seksuelle tenester av personar under 18 år. Ungjenta var 17 år då forholdet skjedde. Berlusconi sa at han korkje visste kor gammal ho var eller at ho var prostituert.

No blir han skulda for å ha betalt ut pengar til vitne i denne saka for at dei skulle uttale seg til hans fordel i rettssaka, og han skal stillast for retten for dette seinare i år.

Han er tidlegare frådømt retten til å ha politiske verv i seks år framover.

Då Berlusconi sist veke vart dømd for korrupsjon, miste han også pensjonen politikarpensjonen sin. Han seier at han heile tida har gitt utbetalingane til humanitære formål, men vart rasande då domstolen tok frå han pensjonen. Også 17 andre eks-politikarar miste pensjonen sin på grunn av korrupsjon.

– Eit overgrep

– Etter alt eg har gjort i mine år i regjeringa. Å kutte desse utbetalingane er eit overgrep, og det er svært audmjukande, sa Berlusconi blant anna til partifellar i Forza Italia i dag.

Han avviste også rykta om at han har planar om å avvikle partiet, som han var grunnleggjar av.