Hopp til innhold

- Stort prestisjenederlag for Tyskland

Det som skulle bli den nye hovudflyplassen i Berlin har blitt ein evig byggeplass. Kostnadene er dobla og den forventa kapasiteten halvert. Tyskarane krev no at borgarmeisteren går av.

GERMANY/ Supervisory board members of future Berlin-Brandenburg international airport address media after meeting in Schoenefeld

Styret i Berlin hovudflyplass. Berlin-borgarmeister Klaus Wowereit (nummer to frå høgre), trakk seg som styreleiar denne veka.

Foto: TOBIAS SCHWARZ / Reuters

SUND FORNEBU

Bjørn Sund er tidlegare administrerande direktør og byggherre for Oslo lufthavn Gardermoen.

Foto: HELGE HANSEN / NTB scanpix

Bjørn Sund var ansvarleg for å bygge den nye hovudflyplassen på Gardermoen.

Han seier til NRK at bygginga av ny hovudflyplass i Berlin, har blitt eit prestisjenederlag, for elles so effektive og presise tyskarar.

– Dette må jo vere ei stor ripe i lakken for Berlin-regionen, kanskje også for heile Tyskland, seier Sunde.

Denne veka kunngjorde borgarmeisteren i Berlin at opninga av flyplassen blir utsett på ubestemt tid.

Krev at borgarmeisteren går av

Og det er borgarmeister Klaus Wowereit, som har fått skulda for alt rotet. Han gjekk denne veka av som styreleiar for hovudflyplassen i Berlin.

Men opposisjonen krev no at sosialdemokraten Wowereit også går av som borgarmeister i Berlin. For politikarane i bystyret i Berlin, skjemmest over skandaleprosjektet.

– Det er måten krisa har blitt handtert på som set Berlin i eit dårleg lys, seier bystyremedlem for piratpartiet i Berlin, Martin Delius, til fjernsynskanalen ZDF. Det går nye rykte heile tida, og det er absurd at borgarmeisteren skuldar på entreprenørane.

(Saka held fram under bildet.)

GERMANY-TRANSPORT-AIRPORT-BERLIN-FILES

Den nye hovudflyplassen i Berlin er framleis ein byggeplass. Det siste problemet var at ein ikkje fekk sprinklaranlegget til å virke.

Foto: BARBARA SAX / Afp

Slurv og manglande kontroll

Styremaktene har vore naive i forarbeidet, for dei har ikkje stilt gode nok krav til leverandørane, meiner Bjørn Sund.

– Det er vanskeleg å bestille eit stykk flyplass, fortel Sund. Då må ein gjere eit grundig forarbeid. Og eg mistenker tyskarane for ikkje å ha gjort eit godt nok forarbeid i dette prosjektet.

Var du og tilbydde din kompetanse til dei tyske flyplassbyggarane?

– Nei, det fekk vi aldri sjansen til, fortel Sund. Men vi meinte absolutt at vi hadde noko å lære tyskarane, fordi vi hadde den heilt nyvunne erfaringa som Oslo Lufthavn hadde gitt oss på 90-talet.

– Tyskarane satsa på at leverandørindustrien skulle sitje i førarsetet når det gjaldt design og gjennomføring. Dette er ikkje tilrådeleg på slike store og komplekse prosjekt, seier Sund.

På Gardermoen var det offentlege aktørar som Avinor og Oslo Lufthavn som var byggherre. Og Sunde meiner det gav styremaktene kontroll over at entreprenørane leverte det dei hadde lova.

Draumen som brast

GERMANY-TRANSPORT-AIRPORT-BER

Det er konstruert alt for få 'gater' på flyplassen.

Foto: PATRICK PLEUL / Afp

Då hovudstaden vart flytta frå Bonn til Berlin på 90-talet, vedtok byrådet i Berlin at byen trong ein stor flyplass for å erstatte dei tre relativt små flyplassane i byen, Tempelhof (no stengd), Tegel og Schönefeld.

Det vart bestemt at den nye hovudflyplassen skulle ligge ved den allereie eksisterande Schönefeld flyplassen i tidlegare Aust-Berlin. Planlegginga starta i 1996, bygginga i 2006, og opninga skulle etter planen skje i 2011.Men slik gjekk det ikkje.

Etter at det ansvarlege arkitektfirmaet og entreprenøren har fått sparken, vart det sett ned ein kommisjon som skulle granske kva som hadde gått gale.

Det viste seg at flyplassen er feilkonstruert.

Den skulle opphavleg ta unna 45 millionar passasjerar i året, no hevdar flyplasskonsulenten Dieter Faulenbach da Costa til vekeavisa The Economist, at flyplassen berre har kapasitet til 17 millionar passasjerar.

For det er ikkje bygd nok innsjekkingsskrankar i terminalbygningen og det manglar parkeringsplassar for flya.

(Saka held fram under bildet.)

GERMANY-TRANSPORT-AIRPORT-BER

Berlin hovudflyplass, Willy Brandt, prosjektet som viste at tyskarane ikkje er ufeilbarlege.

Foto: PATRICK PLEUL / Afp

Pengesluk

Dei mange problema har fått utgiftene til å fyke i taket, frå om lag 15 til 30 milliardar kroner. Samtidig tapar næringslivet i Berlin store pengar. Flyselskapet Air Berlin er hardt råka og saksøker flyplassen for tapte inntekter.

Store taparar er også investorar som ventar på å sette spaden i marka ved Tegel-flyplassen. Den skal etter planen stenge straks den nye hovudflyplassen står klar.

I Berlin veks raseriet mot borgarmeisteren.

– Wowereit er ikkje til å halde ut, seier gruppeleiar for miljøpartiet i Berlin bystyre, Ramona Pop.

– Og enda verre er det skulle det vere sant at han har ført oss bak lyset, slik at vi står tilbake med denne katastrofen. Ein katastrofe som vil koste oss fleire hundre millionar euro, kanskje meir.

(Saka held fram under bildet)

GERMANY-AIRPORT-TRANSPORT-FILES

Designbyrået har gjort jobben, men ikkje entrepenøren.

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

Schadenfreude

Og sjølv om flyplassprosjektet har blitt ei pinleg affære for tyskarane internasjonalt, er det ikkje fritt for at tyske politikarar utanfor Berlin-området nyttar høvet til å vise litt "schadenfreude."

Alexander Dobrindt frå kristendemokratane i Bayern nemnde tørt då han besøkte byggeplassen i Aust-Berlin:

– Eg kan berre håpe Berlin flyplass blir klar før dei har funne opp teleportering.

SISTE NYTT

Siste nytt