Det er den pro-ukrainske paramilitære styrka Det russiske frivilligheitskorpset (RVC) som no freistar russarar til å byte side, for å hemne Wagner-sjef Jevgenij Prigozjins og Wagner-kommandør Dmitrij Utkins død.
– For å ta hemn, må du byte til Ukrainas side.
Det sa RVC-sjef Denis Kapustin i ein video publisert på Telegram torsdag kveld.
– De står overfor eit viktig val no. De kan stå i stallen til Russlands forsvarsdepartement og tene som vaktbikkjer for drapsmennene til dykkar befal, eller ta hemn.
Dette skjer ein dag etter at privatflyet som Wagner-leiaren var om bord i, styrta. Totalt var det ti personar i flyet. Alle omkom, men berre åtte lik er funne.
Det blir spekulert i om Wagner-sjefen er utsett for eit attentat, etter at leigesoldatgruppa, som kjempar på russisk side i krigen, gjorde opprør i juni og køyrde mot Moskva.
Dmitrij Utkins og Jevgenij Prigozjins blei torsdag heidra av både sivile og militære i Moskva.
Foto: Stringer / ReutersRVC-sjef Denis Kapustin ber Wagner-soldatane først om å byte side og vinne krigen, for så å reise mot Moskva på nytt:
– Etter det vil vi marsjere mot Moskva, og denne gongen skal vi ikkje stoppe 200 kilometer før Moskva, men kome heilt fram, seier han.
Pengar eller hemn som vidare motivasjon?
Wagner-soldatane står per dags dato utan leiar. Kva Wagner-soldatane vil gjere no, om dei vil halde fram med å støtte Putin eller byte side, er uvisst.
– Men denne gutekulturen, har dei nok sett på Prigosjin som ein større gud enn Putin, seier Thomas Nilsen, redaktør i Barents Observer.
Nilsen trur derimot at den viktigaste motivasjonsfaktoren til mange av Wagner-soldatane, er pengar, og ikkje hemn:
– Kan den russiske hæren betale like godt i den statlege russiske hæren, trur eg det kan bli ei integrering som fungerer greitt, sett med Putins auge.
Tidlegare straffedømde
Mange av Wagner-soldatane blei henta ut av russiske fengsel, og Nilsen trur at dette kan spele ei rolle i val av potensiell ny hær:
– Ein skal ikkje undervurdere at fleire av dei som kom ut av fengsel, har eit hemnmotiv mot den russiske staten. Det kan også vere ein grunn til å byte, seier Nilsen i Barents Observer.
Mange av dei tidlegare innsette har vore lenge i fengsel, og har verken pengar, jobb eller eit stort nettverk. Dette trur Nilsen kan påverke vala deira framover.
Soldatar i Det russiske frivilligheitskorpset (RVC) poserer for media i mai 2023.
Foto: SERGEY BOBOK / AFPÆre vere Ukraina og Russland
Det russiske frivilligheitskorpset blei grunnlagt av høgrenasjonalisten Denis Kapustin, i august i fjor.
Gruppa har uttalt at dei har tradisjonelle verdiar og synspunkt, og «Ære vere Russland» og «Ære vere Ukraina» blir skrive om kvarandre på Telegram-kanalen deira.
Det russiske frivilligheitskorpset har to uttalte mål:
- Å gjenopprette ukrainske territorium slik det var i 1991, då dei frigjorde seg frå Sovjetunionen.
- Å styrte det noverande diktaturet i Russland.