Hopp til innhold

Ber Vesten reagere etter våpenkvilebrot

Presidenten i Ukrfaina, Petro Porosjenko ber Vesten reagere etter at separatistane har teke kontroll over byen Debaltseve. Tysdag kveld ringde han den tyske forbundskanslaren, Angela Merkel, og bad om kraftige reaksjonar mot Russland.

Ukrainas president Petro Porosjenko

President Petro Porosjenko ringde Angela Merkel tysdag kveld.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

– Dette er eit kynisk angrep på Minsk-avtalen, sa Petro Porosjenko då han ringde Angela Merkel tysdag.

Han sikta til det som har skjedd i Debaltseve i løpet av dagen. Etter ein dag med harde gatekampar, sa ukrainske styresmakter tysdag ettermiddag at opprørarane no har kontroll over byen.

Ein av leiarane for utbrytarane, Eduard Basurin, sa at dei kontrollerer meir enn 80 prosent av Debaltseve.

Ber om reaksjonar mot Russland

President Petro Porosjenko bad Merkel om at Vesten no må komme med kraftige reaksjonar mot Russland, fordi våpenkvila i Ukraina er broten.

– Eg ber medlemmene av Tryggingsrådet i FN om å gripe inn for å hindre nye brot på våpenkvila, og at ein fullskala militæroperasjon finn stad i hjartet av Europa, sa Porosjenko i samtalen med Merkel.

Tryggingsrådet kom seinare tysdag kveld med ei fråsegn der dei ber partane i konflikten om straks å leggje ned våpena, og respektere våpenkvila. Resolusjon var utarbeidd av Russland.

Den russiske presidenten, Vladimir Putin er ikkje overraska over kampane i Debaltseve, men seier han håpar separatistane vil sleppe dei ukrainske styrkane ut av byen.

HUNGARY-PUTIN/ Russian President Putin addresses during a joint news conference with Hungarian Prime Minister Orban in Budapest

Presidenten i Russland, Vladimir Putin, kommenterte situasjonen i Ukraina under eit besøk i Ungarn tysdag.

Foto: LASZLO BALOGH / Reuters

– Kampane vil ikkje ta slutt før ukrainske styresmakter forstår at det berre finst ei fredeleg løysning på konflikten, sa Putin, som tysdag var på besøk i Ungarn.

Kampar ved Debaltseve

Våpenkvila blei innført søndag. Den var eit resultat av ein avtale som blei forhandla fram i den kviterussiske hovudstaden Minsk før helga, av Petro Porosjenko, Vladimir Putin, Angela Merkel og presidenten i Frankrike, François Hollande.

UKRAINE-CRISIS/ A view of an explosion after shelling is seen not far from Debaltseve

Eksplosjon etter angrep like ved den ukrainske byen Debaltseve.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Heilt sidan søndag har det vore kampar i Debaltseve, som er eit viktig trafikknutepunkt i denne delen av Ukraina. Talsmann for utbrytarane, Eduard Basurin meiner våpenkvila ikkje gjeld der.

– Sjølvsagt kan vi skyte mot Debaltseve. Det er vårt territorium, sa Basurin til nyheitsbyrået Reuters søndag.

Vladimir Putin har heile tida nekta for at dei russiskvennlege utbrytarane i Aust-Ukraina blir støtta av Russland og russiske styrkar.