NRK Meny
Normal

– Slutt å sveltestreike

Opposisjonspartia i Ukraina ber den fengsla Julia Timosjenko om å slutte å sveltestreike. – Ikkje la regimet få det som dei vil, oppfordrar dei.

Ukraina demonstrasjon

Demonstrantar i Kiev protesterer mot det dei meiner er omfattande valfusk i parlamentsvalet, og krev at Julia Timosjenko blir sett fri.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Dei tre største opposisjonspartia i Ukraina ber tidlegare statsminister Julia Timosjenko om å slutte å sveltestreike.

– Slutt med sveltestreiken, ikkje gjer dette offer. Din eksistens er eit trugsmål mot regimet, som gjerne skulle vore kvitt deg. Ikkje lat dei få det som dei vil, seier dei i ei felles fråsegn.

Dei tre partia er Timosjenko sitt parti «Fedreland», boksemeistrar Vitalij Klitsjko sitt UDAR, og nasjonalistiske «Svoboda».

Kan ikkje stå

Timosjenko begynte å sveltestreike dagen etter parlamentsvalet i landet 28. oktober, altså for to veker sidan.

Ho skal no vere så svak at ho ikkje klarar å reise seg frå sjukehussenga, fortel advokaten hennar til AFP.

Timosjenko vart i fjor dømt til sju års fengsel for å ha misbrukt sin makt som statsminister. Sjølv meiner ho dommen er ein del av ei politisk vendetta mot ho frå president Viktor Janukovitsj.

I mai vart ho flytta frå fengselet til eit sjukehus på grunn av sin helsetilstand.

– Valfusk

Valet i Ukraina vart sterkt kritisert av valobservatørane frå Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE).

Ifølgje OSSE var valet prega av misbruk av statlege ressursar og manglande openheit om finansiering av parti og valkamp.

I tillegg kritiserer dei pressa for å vere partisk til fordel for det regjerande partiet til president Viktor Janukovitsj, Regionpartiet, som fekk 30 prosent av stemmene i valet.

Det gjer dei størst i nasjonalforsamlinga, og dei kan dermed halde fram med å regjere med støtte frå allierte.

Partiet til Timosjenko fekk 25,5 prosent, og Klitsjkos UDAR fekk kring 13 prosent av stemmene.

Demonstrasjonar

Ukraina Arsenij Jatsenjuk

Arsenij Jatsenjuk leiar partiet til Julia Timosjenko i hennar fråvær. Her under demonstrasjonen måndag 12. november 2012.

Foto: Sergei Chuzavkov / Ap

Kring 2.000 demonstrantar protesterte førre måndag mot valfusket.

– Me vil at stemmene blir talde om etter dette kontroversielle valet, sa Vitalij Klitsjko under protesten i Kiev.

Også denne måndagen var det demonstrasjonar utanfor den sentrale valkommisjonen, som utropte Regionpartiet til valets vinnar.

Mange hadde plakatar med bilete av Julia Timosjenko med påskrifta «Sett Julia fri».

I appellane truga opposisjonen president Janukovitsj med riksrett, og lova å jobbe for at Julia Timosjenko blir sett fri.

Ukraina Kiev

Demonstrasjonar i Kiev 12. november 2012. På flagga står det «For Fedreland» og «Vitalij Klitsjkos UDAR-parti».

Foto: GLEB GARANICH / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt