Hopp til innhold

Trur Elton John vil drive homo-propaganda i Russland

Ei russisk foreldregruppering ber president Vladimir Putin om å avlyse konsertane med Elton John i desember. Dei er sikre på at han vil drive homopropanda.

Elton John under Grammy Awards-showet i Los Angeles 22. september.

Russiske foreldre fryktar homopropaganda frå Elton John når han skal halde konsertar i landet i desember.

Foto: KEVIN WINTER / Afp

Russland og Vladimir Putin har hausta sterk internasjonal storm for å ha vedteke ei lov som forbyr såkalla homoseksuell propaganda retta mot born.

Russlands president Vladimir Putin.

President Vladimir Putin blir beden om å avlyse konsertar med Elton John i desember.

Foto: Alexei Druzhinin / Ap

Putin si klare støtte til lovteksten har fått mange til å oppmode til boikott av Dei olympiske vinterleikane i Sotsji i 2014. Den russiske presidenten har fleire gonger kome med fråsegner som har provosert homofile . Elton John er ein av dei sterkaste kritikarane av den omstridde lova.

– Lokale sodomittar

– Elton John har planar om å støtte lokale sodomittar og bryte russisk lov, ei lov som skal verne russiske born, heiter det i brevet frå foreldregruppa.

Kritikarar meiner lova gjer det vanskeleg for homofile å vere opne om legninga si, og at lova aukar faren for hatkriminalitet mot homofile.

Tilhengjarar av den russiske lova fekk vatn på mølla etter at Sir Elton John i eit intervju med den britiske avisa The Guardian tidlegare denne månaden fortalde at han hadde sex med tolken sin på eit tak i Moskva under turneen sin i dåverande Sovjetunionen.

LES OGSÅ: Obama møtte homofile for å markere Putin-motstand

– Kan ikkje svikte dei

Madonna

Artisten Madonna kom med kraftig kritikk av homopropaganda-lova under ein konsert i St. Petersburg i fjor.

Foto: IAN BARRETT / Scanpix/AP

– Som ein homofil mann, så kan eg ikkje svike dei homofile i Russland. Eg veit ikkje kva som vil skje der borte, men eg må reise dit, sa han blant anna i intervjuet.

Etter planen skal Elton John ha ein konsert i Moskva 6. desember og ein konsert i Kazan dagen etter.

Reuters har prøvd å få ein kommentar frå Elton John om brevet frå den russiske foreldregruppa, utan å svar. Heller ikkje Kreml har kommentert brevet.

LES OGSÅ: – Ingen norske utøvere får bruke homoflagg i OL

Madonna og Lady Gaga

Artistane Madonna og Lady Gaga kritiserte propaganda-lova under konsertar i St. Petersburg i fjor, og dette førde til at Russland innførde strengare reglar for å gi visum til artistar som skal opptre i landet.

Homoseksualitet vart avkriminalisert i Russland etter Sovjetunionens fall i 1991, men meiningsmålingar viser at lova har støtte blant eit fleirtal av russarane. Målingar viser at 40 prosent av russarane meiner at homofile treng behandling.

LES OGSÅ: Russisk politi beslagla maleri av Putin og Medvedev i kvinneundertøy

LES OGSÅ: Fordømmer homo-utspel

SISTE NYTT

Siste nytt