NRK Meny
Normal

Nord-Korea ber Sør-Koreas president passe munnen sin

Nord-Korea ber den ferske sørkoreanske presidenten, Park Geun-hye, om å passe munnen sin, etter at ho bad naboen i nord om å avstå frå atomvåpen.

Sør-Koreas president Park Geun-hye.

Sør-Koreas president Park Geum-hye på talarstolen i Seoul under markeringa av treårsdagen for senkinga av eit sørkoreansk marinefartøy.

Foto: Kim Jae-hwan / Ap

Park Geun-hye, Sør-Koreas første kvinnelege president, har fått hard medfart av nordkoreansk presse etter at ho tok over sist månad.

Ord som svikefull og falsk er ofte brukt av nordkoreanske statsmedium om henne, og dei går heller ikkje av vegen for å kome med nedsetjande utsegner om kjolane ho går i.

Kuttar telefonline

Kim Jong-un i ei skyttargrav.

Krigsretorikken frå Nord-Korea har auka sterkt den siste tida, og sjefen sjølv, Kim Jong-un, er stadig på besøk hos soldatar ved grensa til Sør-Korea.

Foto: KCNA / Reuters

Ho kom med oppmodinga på treårsdagen for senkinga av eit sørkoreansk marinefartøy, der 46 sørkoreanske soldatar omkom.

Samstundes melde det offisielle nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA i dag at landet har kutta ei direkte militær telefonline, ei såkalla hotline, til Sør-Korea. Frå før har Nord-Korea kutta ei Røde Kors-telefonline mellom dei to landa.

KCNA siterer ein høgtståande militær tenestemann på at så lenge det er overhengande fare for krig mellom dei to landa, så er det ikkje lenger behov for ei slik direkte telefonline. Tenestemannen seier at lina ikkje blir opna igjen før Sør-Korea har endra den fiendtlege politikken sin.

LES OGSÅ: USA lovar kraftig svar på eit nordkoreansk angrep

LES OGSÅ: – Skal ta 150.000 gisler

Nord-Korea nektar

Sør-Korea er sikre på at skipet var senka av ein nordkoreansk ubåt, men dette har nabolandet i nord avvist. Men også internasjonale granskarar har slått fast at Nord-Korea stod bak senkinga av marinefartøyet.

Nord-Korea har dei siste dagane trua med å angripe USA med atomvåpen og med å utslette øyar i grenseområdet mellom dei to koreanske statane. Landet har også trua med angrep på den sørkoreanske hovudstaden Seoul.

Spenninga mellom dei to landa har stige markant sidan Nord-Korea gjennomførte ein ny atomtest kort tid før Park Geun-hye tok over som president i Sør-Korea, ein test som har ført til nye sanksjonar mot det nordkoreanske regimet.

LES OGSÅ: FN legg Nord-Korea under lupa

LES OGSÅ: Nord-Korea med ny angrepsvideo

Framstilt som rotte

Nord-Korea har også bruk harde ord om forgjengaren til Park Geun-hye, Lee Myung-bak. Han vart ofte framstilt på plakatar i Pyongyang som ei rotte, og det skjedde ofte at ei dukke som skulle førestelle presidenten vart hengt i ein galge.

Park Geun-hye gjekk til val på eit program som lovde fredeleg samarbeid med Nord-Korea, men at dette var avhengig av at naboen i nord skule oppgi atomprogrammet sitt.

Dei to koreanske statane har teknisk sett vore i krig sidan 1950. Krigen mellom dei to landa vart avslutta i 1953, men det vart aldri underskriven ein formell fredsavtale.

LES OGSÅ: Nordkoreanske ungdomar marsjerer og hyllar krigen


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt