NRK Meny
Normal

Ber politiet opne drivstofflager

Frankrikes president Nicolas Sarkozy har gitt ordre til politiet om å opne opp alle raffineri og drivstofflager som er blokkerte av streikande.

Streikande arbeidarar blokkerer drivstofflager i Marseille.

Mange drivstofflager i Frankrike er blokkerte av streikande arbeidarar, som her i Marseille.

Foto: GERARD JULIEN / Afp

Franske fagforeiningar har blokkert fleire raffineri og depot i protest mot at regjeringa vil heve pensjonsalderen frå 60 til 62 år.

- Eg har gitt ordre om å gjenopne alle drivstoffdepot slik at situasjonen kan bli normal igjen så fort som mogleg, heiter det i ei fråsegn frå den franske presidenten.

Innanriksminister Brice Hortefeux sa tidlegare i dag at tre drivstofflager vart gjenopna fredeleg i løpet av natta.

I går demonstrerte over ein million menneske i gatene i protest mot pensjonsreformen, som truleg blir endeleg vedteken i Senatet denne veka.

Det er mangel på drivstoff i Frankrike etter at streikande har blokkert raffineri og drivstofflager over heile landet.

LES OGSÅ: Joly slakter fransk pensjonsreform

LES OGSÅ: Store protester i Frankrike

LES OGSÅ: Derfor protesterer Lancelot (15) mot pensjonsreformen

LES OGSÅ: Innstilte flyavganger på grunn av fransk streik

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt